
Så var det den tida på året igjen, då bøkene fyller skulesekkane og dei skal ha bokbind på. Eg kunne kanskje vore litt kreativ ved å bruke enklare bokbind og heller pynte dei sjølv. Meeen så fins det så mange fine bokbind, og då er det kjekt å "pynte" ungene sine bøker med desse. Her er bøkene vi la på i går (med hester, Hannah Montana og dyre"barn"). Og eg veit at det vil komme fleire i dag...

Vi har ein eigen boks til div kontorting- der vi bla. har eit lite utvalg med navnelapper til bøkene.

Eg var lenge oppgitt over å ikkje ha ein egnelig plass til å oppbevare bokbinda på.... Men så kom eg på korleis eg kunne gjere det; så no står dei inne i eit skap, oppi ei bøtte. Og det fungerer kjempefint :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)