tirsdag 4. august 2009

Klar for skulestart (og nye mobilduppedingser)

Photobucket
På lørdag reiste eg og jentene på ein butikk i nabobygda for å kjøpe sekk til mellomstejenta som skal begynne på skulen. Men dei hadde desverre ikkje den sekken ho hadde sett seg ut, så vi venta med kjøpet. Vi fór også innom ein barnekle-butikk der eg fallt for denne genseren... Hadde sååå lyst på den, men sidan jentene ikkje syntest den var like fin som eg syntest, så valgte eg å spare dei pengane. Den var jo litt dyr, og det er jo ingen vits å kjøpe dyre kle når dei ikkje kjem til å gå så mykje med dei.


Photobucket
Jenta mi likte denne genseren bedre, og sidan denne også hadde bilde av ei sånn søt dukke, så måtte jo mammaen kjøpe den ;)... og den søte lua :)


Photobucket
Eg og eldstejenta var innom ein anna butikk i går, for å finne sekk til mellomstejenta.... noko som endte med at eldstejenta også fekk seg ny sekk :) Eg tenkte egentlig at det ikkje var nødvendig, men eg har høyrt at dei får ein del fleire bøker det kommande året- og ho i butikken meinte at førsteklassesekken (som eldstejenta hadde fra før) var for liten for ryggen hennar. Så då fekk dei begge nye sekker. Stor stas :)
No er dei klare for første skuledag til "høsten"... om ca to veker.


Og så kom det etuier og veske til mobilen min i posten forrige dagen! Eg MÅ ha veske til mobilen min, det har alltid vore sånn... Tidligare kjøpte eg det fordi eg gjekk til/fra jobb og då måtte den tåle litt fuktighet i vått vær. Mens eg no kjøper det fordi dei held seg så mykje lenger. Telefonen ser kanskje ikkje like fin ut, men den tåler eit fall mykje bedre. Mens eg venta på at veska/etuia skulle komme i posten, klarte eg å miste den i bakken to gonger (no skjønner eg kvifor andre eg kjenner har stort forbruk av telefoner!)- så veske er ein nødvendighet for meg.

Photobucket
Først fann eg ei side med mange artige, stilige og fine etui av plast. Dei finaste var dei utsolgt for, men eg fekk så lyst å prøve sånne- og kjøpte eit i sølv med glitter på.


Photobucket
Bakpå

Photobucket
Og dette var litt stilig, med drage bakpå :) Dei var ikkje så dyre heller... kjøpte desse to etuia + skjerm-beskyttelsesplast for under 200 kr (så eg slapp å betale toll).


Photobucket


Men eg var litt usikker på korleis desse plast-etuia fungerte i praksis så eg følte for å ha litt sikkelig mobil-beskyttelse også- og då blei det denne tradisjonelle, kanskje litt kjedelige, men veldig praktiske, veska:
Photobucket
(Hmmm var visst litt støv under, men den er fjerna no).
Med denne var knappene på N82'en mykje bedre å trykke på, og kameralinsa er også beskytta. Og det går lett an å åpne knappene og ta bilde uten å måtte ta av heile veska.

Photobucket

2 kommentarer:

  1. Så fine genserer.. Å tenker jentene var fornøyde med nye skolesekker ja.
    Spesielt minstejenten..hehe

    Ikke dumt med litt mobilbeskyttelse heller.. Min detter i gulvet opptil flere ganger daglig og har vært igjennom det meste (tilogmed badet i badekaret:) så spørs hvor lenge den lever..

    SvarSlett
  2. Så mye fint dere har kjøpt. Du får sette frem skoene dine du også å ta et bilde, litt morsomt å se hvor mange sko man egentlig har

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)