søndag 9. august 2009

Ingen MÅ-ting på lista i dag, eskene er klare til å gis vekk og jenteturen er over

foto: GettyImages
Det er så deilig å ikkje ha noko på MÅ-lista mi i dag! Det er nok av store og små prosjekt på BØR-lista, men det er fint å kunne gjere dei uten å måtte tenke at dei skal vere ferdige innen ei viss tid. Då vi kom heim fra ferie for 2-3 veker sidan tenkte eg at eg skulle bruke dei siste feriedagane til å rydde vekk ferie-bagasjen og vaske kle, for så å begynne å lage fotobøker. Og eg begynte... så vidt.. men så dukka det opp eit par nye "prosjekt". Eg skulle sende alt overflødig av kle til barn og unge som treng det i Russland, og eg og nokre veninner planla jentetur til Bergen. Vi skulle også ha med eit par små overraskelser til ei veninne som snart har bursdag, og feire ho litt på forhånd.
Over 20 maskiner med sende-vekk kle har blitt vaska. Då var det godt å ha tørketrommel! Eg pleier egentlig berre å bruke tørketrommelen til sengetøy og handkle, men i denne perioden har den også blitt flittig brukt til massevis av klesplagg. Forsatt ser loft-stua ut som om det er "bomba", med alle kleda eg har valgt å beholde, men det får stå i nokre dager til. No skal det bli godt å få rydda vekk alle dei små haugane med dill og dall som har samla seg opp på stort sett alle rom i hovudetasjen :)

Photobucket
Her er eskene eg skal sende vekk, og no er dei blitt plassert i ein hengar for å bli køyrt vekk i morgon. Dette er jo ca eit halv kott med kle- godt å få det vekk, og så håper eg at det også blir godt for nokon å få det. Eg hadde ikkje hatt hjerte til å kaste det for alt er fullt brukandes. Men mykje er fra då eg sjølv var liten, og når det ikkje har blitt brukt av ungane (sjølv om eg har vaska det opp til dei)- så håper eg dei forsatt komme til nytte ein annen plass.
Photobucket
I forrige veke begynte eg på fotoalbummet som vi skulle gi til veninna vår. Eg fekk god hjelp ein dag i forrige veke, då ei veninne kom på besøk med sine to små, for å gi meg ei hjelpande hand med albummet. Ungane leika fint sammen med mine heile dagen, og vi mammaene fekk gjort masse. Eg såg gjennom alle åra eg har med venne-bilder, mens ho la mønsterark på alle sidene og laga eit par sider.
I dagane etterpå redigerte eg og printa ut bilder for fullt, og denne veka har gått med til å få albummet ferdig.
Vi har hatt ein super jentetur til Bergen, med shopping og litt uteliv. Kjekt å ta litt "fri" fra mammarollen innimellom. Men litt prat om våre søte små blir det jo alltid likevel, og shoppinga mi er veldig prega av at eg har unger. Og sjølv om vi berre var vekke i 1 1/2 døgn, så føltes det som om det var lenge sidan eg hadde sett mine små- og det var godt å komme heim til dei i går kveld.

3 kommentarer:

  1. Å det er så godt å bli kvitt tøy altså! Nå som vi sannsynligvis har fått vår siste har jeg begynt å gi vekk tøyet etter minsten. Det tar så mye plass å spare på alt. Jeg sparer etter de to eldste, for så kan det brukes av mellomste og minsten. Men babytøyet gir jeg bort!
    Det er så greit med de grønne containerne rundt forbi, som sender tøyet til de som trenger det!
    Det har blitt endel poser der ja:)

    SvarSlett
  2. oioi no ble jeg inspiret til å gå amok i klesskap her... Det trengs virkelig!!

    Jeg synes også det er greit å gi bort kler til noen som trenger det.. fikk ett tips av en nabo her hin dagen at krisesenteret for kvinner her i byen trenger alt fra klær til leker ol. til både voksne å barn.

    Kjekt med jentetur (til byen min;)
    forresten du er heldig, selvom man savner barna så er det en real vitamininsprøytning å komme seg litt bort:)

    SvarSlett
  3. Det må jeg si, du er en skikkelig flinkis!!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)