tirsdag 18. august 2009

Bella Sara, Kongleriket, legebesøk og dagen vår så langt


Så var tirsdagen her. Ei jente på skulen og to barn heime. Eg jobber redusert i år (også), og jobber kun to dager (då har eg fri når ungane har fri fra skule og barnehage). Og det pleier ikkje å vere problem med å fylle dagane med husarbeid, leik og andre prosjekt vi måtte ha.

Dagen vår så langt i dag:
Litt over kl 7: Mannen, eldstejenta og minstemann har allerede stått opp, gjort seg klare for dagen og ete frukost. Mannen reiser på jobb, mens dei som liker å sove lenge (mor og mellomstejenta) også må stå opp.
7.30 Stell og frukost. Ungene ser litt på barne tv, mens eg nyter å ete frukosten aleine på kjøkkenet med dagens avis.
Litt over 8: Eldstejenta gjer seg klar og går til bussen. Vi andre har ein rolig morning. Ungene leiker, mens eg sorterer permer og blad.
9.30 Gjer oss klare, for så å køyre til banken. Ungene er med i bankens "Kongleriket", og dei som har begynt i 1. klasse i år har fått mail om at dei kan få seg ei ny lue i banken. Mellomstejenta blei veldig glad for si (sjå bildet øverst). I neste veke er det kongleveke (då blir ungane invitert i banken for å tømme sparebøssa si og få ein premie)- men sidan vi kom i dag fekk vi neste vekes premie i dag:


Premiane no framover er fat og glas i ulike motiv fra Kongleriket. Vi har allerede fått fat og glas med ein type motiv, og i dag fekk vi fat og glas med eit nytt motiv (Krabbelars, om eg ikkje tar heilt feil). I tillegg får dei også buttons med Kongleriket-figurer på.

10.25- Etter bankbesøket henta vi eldstejenta på skulen. Vi hadde time til jentene hos legen (for å bla. fjerne nokre vorter). Eg rakk ein snartur innom butikken for å kjøpe nokre nødvendigheter, og så stillte svigers opp og passa minstemann mens eg og jentene var hos legen.
Ca 11.00- Kom inn til legen uten å måtte vente i dag!! Det er av sjeldenhetene, for det pleier jo alltid å vere kø... Å fjerne vorter var ikkje noko kjekt, og då eg fekk høyre at vi måtte komme tilbake for å ta fleire behandlinger så var eg litt skeptisk til at eg ville få mellomstejenta med på det. Men sjølv om ho ikkje likte det så godt i dag, så trur eg ho allerede no er innstillt på at ho skal opp fleire gonger. Ho har ikkje nekta når eg har snakka om det iallfall, og då er det håp. Litt premie må man få når man er hos legen, iallfall når man gjer vonde eller kviafulle ting.
Bella Sara kort:

Eldstejenta har lenge samla på desse korta, og etterkvart begynte mellomstejenta også å samle på desse. Bella Sara kort er nokre nydelige (men litt dyre) kort med hester og fine visdomsord på. På mange av korta står det ein kode som man kan bruke på internett, på Bella Sara si nettside - ei nydelig side, der ein skriver inn koden og får mange av hestane inn i sin eigen stall i Bella Sara sin internettverden.

11.40 Alle er på plass i bilen igjen, og vi køyrer eldstejenta til ei veninne som har bursdag.
12.15- Heime igjen, rydder i hus det vi hadde med oss, og et nykjøpte rundstykker til lunsj. Etterpå spring dei små på loftet, mens eg rydda vekk lunsjen og støvsuger huset. Så blei det litt rom for ein pause, der eg kunne blogge littegrann.

Men no er det på tide å hive seg rundt igjen, bruke litt tid på dei små, rydde litt i huset og snart begynne på middagen.

3 kommentarer:

  1. Så koselig det var her hos deg! Ser det skjer masse i familiehverdagen deres, følger gjerne med videre! Klem

    SvarSlett
  2. Morsomt at du har lagt til reaksjoner, jeg elsker sånne avkrysnings ting! :)

    Kathleen www.matheo.me

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)