fredag 31. juli 2009

Tanker om blogg og nettvett (og bladet Mamma)


glitter-graphics.com

Eg fekk bladet "Mamma" i posten i dag (det er alltid like kjekt), og der det stod ein lang artikkel om mammablogging. Interessant lesing for meg som blogger sjølv, men eg skumlas berre artikkelen før tankekverna begynte å settes i gang, og eg skreiv ned mine eigne tanker om blogging før eg las den grundigere:

Men kvifor blogger eg? Det har eg av og til tenkt på...
Først skulle bloggen min vere ein scrappeblogg, for eg fann så mykje inspirasjon og ideer av det andre scrappere laga og blogga om, at eg også ville dele nokre av mine LO'er. Og også for å vise fram hobbyene mine for familie, venner og andre interesserte. Men så fekk eg lyst til å skrive litt om kvardagslivet som mamma... om hus, heim, foto, tanker, erfaringer, hobbyer, små ting og store ting og andre interesser som er blitt farga av at eg er mamma. Og dette blei det meir og meir av.... Eg blogger bla. for å "skrive av meg" tanker, ideer og erfaringer eg har gjort og gjer meg som mamma, og kanskje nokon kan dra nytte av å lese det?




Kven blogger eg for?
Eg blogger mest for meg sjølv, for å få skreve ned litt av alle tankane som kverner i hodet. Eg er kanskje ikkje så god på å formulere meg på morsomme og artige måter, men eg håper at nokon kan ha litt nytte av eller kan få litt glede av bloggen min. Eg er avhengig av å bruke gule lapper og lister, og det som ikkje blir skreve ned har lett for å bli gløymt. Eg pleier å fleipe med at det er så fullt oppe i hodet mitt av tanker, ideer og prosjekt at det er nesten er fullt *hehe* Det er ikkje plass til så mykje meir ;) Då er det godt å kunne skrive av seg litt i bloggen...

Kvifor er eg interessert i å blogge og dele litt av livet mitt på internett?
Eg begynte å utforske data og nettverdenen for litt over 8 år sidan, då eg var heime med mi førstefødte. Det begynte med at eg fann info om ting eg lurte på når det gjaldt babyen min, eg blei medlem av forum der eg kunne utveksle tanker, spørsmål og erfaringer med andre mammaer. Og eg blei også medlem av mailgruppa Barn2000. Vi er mammaer som alle fekk barn i milleniumsåret, og dei siste åra har vi forsatt kontakten via mailer-og innimellom har vi også treff om somrane. Eg har fått eit slags sosialt liv på nettet. I tillegg til venner eg har "in real" (utenom nettet) så har eg også blitt kjent med mange flotte mennesker på internett. Det at eg også kan holde kontakten med vennane mine på msn og facebook gjer at eg gjerne har meir kontakt med nokre av dei som står meg nærmast.



På nett kan ein alltid finne folk som har dei samme interessene som ein sjølv, og det skaper ein fellesskapfølelse. Og det kan vere godt å komme inn her og skrive av meg ting eg tenker på til folk som eg egentlig ikkje kjenner og som ikkje seier ting videre, eller svare andre som lurer på ting som eg kan svare på og bidra med mine erfaringer til.
Når mannen jobber ute om kveldane og ungane har lagt seg, så er det koselig å surfe litt rundt. Sjå kva venner på facebook har holdt på med, chatte med venner på msn, korleis har vennene mine på favorittforumet mitt det? Er det noko eg lurer på som eg vil finne svar på (f.eks utslettet til ungen min, korleis pynte LO'en min, test av barneutstyr m.m) så finn eg det her.





Kor går grensa for kva eg legg ut i bloggen min?
Grensa for kva ein legg ut på internett og i blogger er veldig individuelt. Nokre legg ikkje ut noko særlig av info om seg sjølv eller bilder, mens mange legg ut mykje (kanskje alt for mykje?). Eg trur eg er midt i mellom. Eg begynte å lage heimesider, for både meg sjølv og ungane mine, for 7-8 år sidan, og var nok meir ukritisk den gongen. Informasjonen om kva innhaldet ein legg ut kan brukes til, økes- så eg er iallfall blitt meir bevisst og kritisk til kva eg legg ut. Eg deler forsatt litt bilder av ungane mine med venner på nettet, men dette skjer mest på lukka forum eller på mail. Nokre bilder legg eg også ut i bloggen, men eg har mi eiga grense for kva eg legg ut bla.:

-Eg prøver å ikkje legge ut bilder og info som kan brukes mot meg og mine. Td. ikkje info/bilder som ungene mine kan bli flaue over seinare eller mobba for.
-Eg legg ikkje ut bilder av kor vi bur. Om ein virkelig vil vite sånt så finn ein det sikkert ut, men eg er iallfall bevisst på å ikkje vise så mange sånne bilder herifra.
-Pga barnas sikkerhet bruker eg stort sett bilder med lav oppløysing og så gjer eg kanskje ansikta deira meir utydelige. Nakenbilder legg eg heller ikkje ut. For eg vil ikkje at feil personer skal bruke mine bilder og kanskje manipulere dei og bruke dei til ting som eg ikkje vil tenke på.
-Eg legg ikkje ut gjenkjennelige bilder av andre uten samtykke.
...Og det er også fleire ting som eg ikkje kjem på i farten (sjå lenger nede i innlegget for linker til tips og råd).
Det ligg alltid ein liten kritiker i meg når det gjeld kva eg bør legge ut i bloggen min, og ikkje. Og kanskje legg eg ut noko som eg kan komme til å angre på ein gong, men eg prøver å vere kritisk så eg ikkje skal trenge det.




Om negativitet og sterke meininger i bloggen min:
Eg prøver å vere ein positiv person og å sjå det positive i ting. Men eg har jo også mine perioder der eg er litt lei og ting føles tungt.. det er vel ganske normalt. Negative skriverier kan gjerne slå tilbake på meg eller andre seinare, så eg prøver heller å minne meg sjølv på kor godt eg har det. Og noko av det eg skriver om håper eg at også får andre til å tenke over dei gode og positive tinga i livet. Derfor blir det nok ikkje skreve så mykje negativt her med det første... kanskje litt irritasjon og sånn innimellom... Men dei andre tunge tankane held eg foreløpig for meg sjølv, for eg har det veldig bra; tre skjønne barn, ein snill og god mann, hus og gård, gode venner og ein fin jobb med utfordringer og mange herlige små og store mennesker.


glitter-graphics.com


I mitt "vanlige" sosiale liv har eg venner/kjente/familie som er på nett, og venner/kjente/familie som har lite eller ingen erfaring med internett og data. Sidan internett har blitt ein så stor del av livet mitt er det kjekt å komme inn hit og vere ein del av eit fellesskap med mange andre som har samme interesser, både når det gjeld mammaliv og hobbyer. Fleire eg kjenner er knapt inne på nett, og dei lurer vel på kva i alle dager eg synest er så interessant med det heile. Og det kan du sei... ikkje veit eg. ..Det er vel berre blitt ein hobby og fritidssyssel... ei stor interesse. Og eg synest det er veldig greit å kunne søke og finne ut det meste som ein treng på nett. Eg merker også at det gir ein del positivt å ha erfaring med internett og data, spesielt no når jentene går på skulen og begynner å bruke dette mediet sjølv. Også på jobben drar eg god nytte av å ha litt basiskunnskaper innen data.


glitter-graphics.com



Linker til sider om nettvett og råd om kva ein bør vere forsiktig med;
Barnevakten.no Generelt ei god side om barn og media
beskytt-barns-personvern-pa-nettet
Vær smart og trygg på nett
Informasjon om mindreårige på internett
Ferieminner blir til overgrepsbilder
Et klikk for mye
I beste mening - et veiledningshefte om bilder av barn på nett

....
Etter at eg skreiv dette las eg gjennom blogg-artikkelen i "Mamma". Og litt av det eg har tenkt på, kan ein også lese om i artikkelen. Det var ein interessant artikkel som eg anbefaler andre mammabloggere om å lese. Det var også intervju med Therese i bladet. Therese skriver bloggen Thessa & Prinsessa og vann prisen for beste norske mammablogg under Mammablogg Galan 2009 . Den tittelen var fortjent.


Det tok meg litt tid å skrive dette innlegget. Sånn er det når eg skal komme med dei litt djupare tankane ;) Bruker litt tid på å formulere meg riktig. Men trur eg har fått ned dei viktigaste tankane mine rundt dette, og fått fram det eg ville.
Hadde mykje anna eg ville ha skreve om, men får ta det ein anna dag; bla. tanker om valg av bil, sommerfugler, nye favoritter m.m.


glitter-graphics.com

3 kommentarer:

  1. Jeg syns det var et kjempebra innlegg jeg og jeg er helt enig med deg i det meste du skriver her! Jeg legger heller ikke ut navn eller nærbilder av sønnen min. Jeg skriver ikke hvor jeg bor og har få bilder av meg selv nærme...
    Den guiden til datatilsynet er meget lærerik, og den burde de fleste lese!

    SvarSlett
  2. Veldig godt skrevet! Jeg er enig i alt du skriver, og forsøker også å holde meg på den gyldne middelvei - slik du gjør.

    Gleder meg til Mamma bladet kommer i butikkene! ;-)

    SvarSlett
  3. kjempebra innlegg:)


    Å som du vet så har jeg også tenkt mye på dette i det siste å har derfor valgt å lukke den andre bloggen min "verdensherligste".
    Ikke at jeg har lagt ut noe upassende bilder i den forstand men rettogslett fordi jeg føler jeg har delt for mye og lagt ut for mye bilder av ungene og familien min sin værdag.

    Kommer nok noen bilder av ungene på denne bloggen også er ikke det, men jeg skal prøve å begrense meg..hehe

    klem

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)