I går, mens vi såg på Beat for Beat, prøvde eg og eldstejenta ut ein ny måte å lage perle-smykker på. Ei på jobben lærte små og store på naboavdelinga å lage desse, og dei såg skikkelig flotte og avanserte ut! Men då eg fekk forklart framgangsmåten så var det heile ganske så enkelt, og derfor måtte vi prøve det ut her heime. Vi hadde desverre litt for lite perler til å lage dei lange smykkene som vi hadde tenkt, så ho mor må nok gå til innkjøp av fleire- for desse smykka likte vi :)
Gårsdagens produksjon blei langt nok til å vere eit armbånd...
Dette laga eg mens vi såg på "Skal vi danse" i kveld. Eg har masse tråd og mange perler, men det er ikkje så ofte eg setter meg ned med dette- men eg skal prøve å bli flinkare til å ta meg tid til det. For eg har lyst på mange sånne smykker, og eg veit at det også er andre rundt meg som ønsker eit sånt ;)
PT-pakker
for 4 måneder siden
Jeg har også lyst på, skulle ønske jeg visste hvordan man lager de! :) Kanskje jeg må en tur innom panduro neste gang jeg er i byen.
SvarSlettHa en strålende søndag!