tirsdag 3. november 2009

Koselig med julebøker


Då eg gjekk forbi denne boka for eit par veker sidan, måtte eg berre ha den. Det var noko med at julebok + koselig omslag + forfatternavnet Eli Rygg virka som noko bra, koselig og med fokus på familien og ungane.
Eg er oppvaksen med Portveien 2 på tv, og eg synest ho når ut til ungane på ein sånn flott måte med mykje av det ho har skreve og sagt både til og om dei.

Eg har ikkje fått lese så mykje i denne boka enda, men snart snart... Og så skal eg finne fram juleblader som eg har kjøpt tidligare i år, når eg føler at det er på tide å finne fram denne julefølelsen som sakte men sikkert kjem sigande no etterkvart. Om ein måned, når julemåneden virkelig begynner, skal eg også finne fram ungenes julebøker. Dei ligg på loftet, i eit par skuffer, og venter på at vi skal ta dei fram. Og no er det ikkje lenge igjen...

2 kommentarer:

  1. Ja det er jo så koselig med juleforberedelser! :)
    Gleder meg masse til jul!!

    -June

    SvarSlett
  2. Så koseleg bok då:) Eg gleder meg til å ta fram den juleboka vi fekk i fjor av dere eg! Og den må jo takast fram snart, det skal jo skrivast inn juleforbredelsar inni der og, og der er no eg komt langt på veg;)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)