mandag 23. november 2009

Førjulsstemning




Time flies....eg vart overraska då eg såg at det nesten er ei veke sidan sist eg skreiv noko her.... Men dagane har bla. gått med til jobbing, kakebaking, besøking, julegavehandling og adventskalenderinnpakking. Dei fleste julegavene er i boks, og kalendergavene til mine små ligg klare til å bli hengt opp på kalendarane.


Førjulssteminga kjem sigande. Då vi baka kakemenn og pepperkaker i helga, satte mamma på julemusikk. Eg hadde egentlig tenkt å vente med sånn musikk til desember, men kvifor vente? Det gjer ingenting om vi begynner så smått no, for julemusikken er like fin og koselig å høyre på heilt fram til julafta. Faktisk synest eg at ganske mykje er ekstra koselig FØR julafta; som å høyre julemusikk, drikke julebrus eller gløgg, smake på julekaker, nyte julepynten og julestemningen. Og etter julafta blir magien litt borte, samtidig som at vi då nyter julefreden og at dagane blir roligare ♥

I år blir det jo litt annleis sidan vi reiser til Florida i romjula. Vi kjem til å pynte heimen litt tidligare enn vi pleier, og vi har endå meir å gle oss til (og forberede).

2 kommentarer:

  1. Vet du, jeg har hørt på julemusikk et par ganger allerede jeg!

    I går pakket jeg inn julegaver og hørte på Oslo Gospelchoir, da kom jammen julestemningen over meg ja

    SvarSlett
  2. Eg kjøpte julecd i går, med 5 cder i!! Men var ikkje så mange bra, skuff... Koseleg med førjula ja, beste tida på året! Eg skal begynne å pynte litt til jul denne veka eg:) Blir koseleg!!!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)