torsdag 5. november 2009

Minner fra babytid, og amming vs flaske


For 3 1/2 år sidan var eg nybakt trebarnsmamma.
På den tida var det den lille babyen, og babyens mat og vekt som var i fokus.

Mi førstefødte blei amma til ho var 1 år. Vi hadde litt startproblem, og ho hadde fleire perioder der ho var lei av å bli amma og ikkje var interessert. Derfor blei det til at eg brukte handpumpe innimellom, og då ho var eitt år nekta ho å bli amma noko meir.
Baby nr 2 var roligere. Ho sov mykje meir enn den førstefødte, og amminga gjekk som ein draum.
Men så kom nr 3.....

Ein kvardag med flaske- og pumpevask. Og mykje morsmelk i omløp.

Vi hadde litt startvansker denne gongen også, men eg trudde at sidan eg hadde komt meg gjennom ein vanskelig start med førstefødte. Og når det gjekk så fint med nr 2, så ville det gå seg til med tredjemann også. Men eg tok feil.
Han ville ikkje ta skikkelige tak.
På første veging på helsestasjonen hadde han gått alt for mykje ned i vekt, og melkemengda mi hadde blitt redusert.
Derfor fekk han litt morsmelkerstatning ein periode, mens eg pumpa meg med handpumpe for å øke melkemengda mi. Vi prøvde forsatt å få til amminga. Det gjekk dager, veker og måneder der eg prøvde å amme men sjeldan med hell. Derfor måtte eg forsette å pumpe meg sånn at han kunne få morsmelk på flaske.

Den første grauten (i koppen), og byttet fra Nan1 til Nan2

Eg prøvde det meste, prøvde ulike metoder, og var også i kontakt med ammehjelp. Men til slutt sa ho at vi var komt til eit punkt der det ikkje var noko meir å gjere. Så då begynte eg å kun pumpe meg, og gi han morsmelk på flaske.
Eg stod opp om natta og ga han flaske, før eg så satte meg for å pumpe ein times tid... Eg satt også i mange timer om dagen med dette.
Før eg fekk tak i dobbelpumpe tok pumpinga+ flaskemating nesten heile døgnet mitt, men det kom seg litt då eg fekk muligheten til å dobbelpumpe.
Det tok også litt på at mannen jobba mykje skift på denne tida, og det kunne vere ei utfordring å få til td. flaskemating, pumping, stell av jentene, frukost, flaskemating igjen, køyring til barnehage, og så heim for å pumpe igjen o.l

Når eg no ser tilbake på den tida, tenker eg på det som ei ganske så travel tid. Og hadde det ikkje vore for at mannen stillte opp når han var heime, og at eg hadde god hjelp av mine svigerforeldre (med pass av ungane)- så hadde det nok ikkje gått. Men når eg var midt opp i det, så gjekk det jo fint sjølv om det var litt hektiskt og tårevått innimellom. Eg valgte det jo sjølv, og eg hadde sikkert gjort det samme igjen om eg hadde måtta.
Eg såg også på det som ein fordel at eg hadde vore gjennom babytida eit par gonger før. Eg visste at sjølv om det var hektisk det første året, så ville det komme til å roe seg. Eg klarte å sjå meir framover enn det eg gjorde då eg gjekk heime med mi førstefødte.

Ein liten gutt som blei trøtt av å vente på at mammaen, som satt ved sidan av, skulle bli ferdig med å bruke den ikkje-akkurat-stillegåande maskina

Eg brukte litt morsmelkerstatning innimellom, men det første halve året fekk han mest morsmelk (og litt graut etterkvart). Eg kunne jo ha valgt å gi han kun erstatning, men noko i meg ønska virkelig at han skulle få morsmelk sånn som søstrene hadde fått. For eg hadde jo ikkje problem med å ha nok melk egentlig. Og så er eg nok litt sta, eg liker ikkje å gi meg så lett.
Då han var 7-8 måneder avslutta eg pumpinga gradvis, og han fekk meir morsmelkerstatning og graut/grønnsaker. Grunnen var at vi skulle til syden då han var 8 måneder, og eg ikkje ville holde på med alt dette mens eg var der nede. Men eg hadde eit lager med morsmelk i frysen, og han fekk derfor eitt måltid om dagen med morsmelk fram til han var 13 måneder.

Denne LO'en er ein av dei første eg har scrappa (er derfor ikkje heilt fornøgd med den), og den viser korleis vi prøver å få til amminga... men det medfører berre skrik. Så får han smokken mens melka på flaske varmer seg. Og etter å ha kosa seg med ei flaske melk så smiler han, er glad, og alt er berre velstand.

1 kommentar:

  1. Ja det er heilt utroleg kor du stod på med amminga den tida! Eg veit ikkje om eg hadde orka det der! Noko å vere kry over! :)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)