~ Bomullskyer på blå bakgrunn ~
Nokre gonger må eg stoppe opp litt og tenke over kva eg bruker tida mi til. Kva MÅ eg gjer, kva kan eg velge vekk, kva betyr noko og kva gir meg mest?
Det som gir meg mest er det egentlig ikkje nokon tvil om; det er å vere sammen med mann og barn, og finne på koselige ting i lag. Og det å ha eit nokonlunde ryddig hus gjer at trivselen øker og humøret er bedre.
Eg veit med meg sjølv at nokre gonger kan fokuset mitt skli litt ut, og eg konsentrerer meg meir om prosjekt eg har laga meg, enn eg burde. Så derfor må eg stoppe opp litt. Tenke meg om. Er dette prosjektet så viktig? Gir det meg noko tilbake å gjennomføre dette prosjektet? Og ja... det gjer det ofte. Meeen det gir meg meir å gjere fleire ting sammen med familien.
Så då var det avgjort.
~ dansende skyer på rad og rekke ~
Bloggen er eit sånt prosjekt (og også det å lese andres blogger). Lese om Florida og USA er eit sånt prosjekt. Fotoredigering og Fotobok er eit sånt prosjekt. Merkelig at mange av desse prosjekta er på data, men sånn kan det lett bli. Og alle desse små tinga vil eg forsette med, men det har lett for å ta litt meir tid enn eg først hadde tenkt. Så eg har komt fram til at eg skal bli flinkare til å finne på ting ilag med ungane når eg har dei rundt meg.
Det hadde eg tenkt at eg skulle i dag, men så begynte dei å leike skule og dei leika så fint ilag- så då kunne eg snike til meg nokre minutt ved pc'en.
Men no er det tid for lunsj, sammen med ungane. Og sidan det er tirsdag så et vi gryn til lunsj :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)