lørdag 16. mai 2009

Om fotografering og kameraene mine

Eg har alltid likt å ta bilder og lime bilder inn i album. Etter at eg fekk barn, så har interessen vokst seg større og større. Vi er nesten ikkje med på nokon ting uten at eg har med meg minst eitt kamera. Det kan vel til tider føles som om det blir litt voldsomt (iallfall for dei som blir tatt bilde av)- men eg synest det er veldig kjekt og liker å "dokumentere" litt, og eg er liksom blitt avhengig av å ha det med.

Eg fekk mitt første digitale fotoapparat høsten 2001, då eldstejenta var 1 år..... og ein ny verden åpenbara seg. Tenk å få ta så mange bilder eg ville, uten å trenge å framkalle dei alle! Eg er så glad for den muligheten at eg kan ta ein masse bilder av samme motiv, for så å plukke ut dei som blei best etterpå :)
Høsten 2007 blei mitt digitale kamera nr 2 dårligere og dårligere. Eller dvs.. det var dårlige batteri på det, men ellers syntest eg kameraet fungerte kjempefint (Nikon Coolpix).

Så etter mykje research på kva som var best å kjøpe, endte det med at eg kjøpte meg speilreflekskamera våren 2008; eit Eos 400D. Og for meg som er hobbyfotograf var det veldig kjekt å sjå kor mykje bedre bildene blei med eit speilreflekskamera!


Sidan eg liker å ha med meg kamera overalt innsåg eg at eg også måtte ha eit mindre kamera. Så det kjøpte eg meg sommeren 2008. Eg hadde tenkt ut kva kamera eg skulle kjøpe (eit casio-kamera som kom bra ut i test), men på impuls kjøpte eg eit anna istedet; Casio Ex-s10. Eg fallt fullstendig for dette kamera pga at det var så tynt og stilig. Det var fleire fine finesser på det, men no har eg egentlig lyst til å bytte det ut. Bildene blir lett litt utydelige og kornete, spesielt i dårlig lys. Eg er veldig fornøgd med at det er så tynt at det lett går ned i lomma. Så eg er litt usikker... alle bildene treng jo ikkje vere så bra som eg helst vil ha dei, så lenge dei "dokumenterer" ting vi har vore med på. Men vi får se... eg må klare meg med det ei stund til.Eg kjøpte meg også nytt objektiv i fjor sommer (fekk penger til bursdagen til dette); Canon EFs 55-250 mm. Er fornøgd med det- elsker å kunne zoome inn ting som er langt vekke. Og i dag fekk eg mitt nyeste objektiv; Canon EFs 60 mm (macroobjektiv)- til å ta bilder av småting og portetter med.


Videokameraer er jo ein anna ting. Kjøpte mitt første då eg venta barn første gongen (i 2000).. så eg kjøpte ein stor, klumpete sak... Då var det nettopp begynt å komme digitale kamera trur eg, men eg som knapt brukte data- hadde ikkje behov for det.
Kameraet har fungert veldig bra, det. Men eg fekk jo etterkvart meir lyst på eit digitalt og meir hendig videokamera- så det kjøpte eg i fjor høst. Er kjekt å kunne filme "stykkvis" og lett finne tilbake på filmopptaket vi ønsker å sjå på, og å kunne filme alt inn på ein minnebrikke :)




Så no har eg 2 fotoapparat og 2 videokamera. Og nokre gonger har eg med meg alt dette her!! F.eks ein gong, på eldstejentas klassefest. Då filma eg med det gamle, klumpete videokameraet (tryggast det)- men switcha fort over til det lille digitale videokameraet då det gamle fekk dårlig batteri. Og så fram med speilreflekskameraet.. og eg lurer på om eg filma litt med det "slim'e" fotoapparatet også. Kan det blir for mykje av og til ? (hehe)
(Bildene eg har brukt i dette innlegget har eg funne på nettet)

1 kommentar:

  1. För ett härligt foto utstyr du har *Vill ha* Själv sliter jag min Nikon D40 & drömmer om en ny & ett bättre objektiv... Kunde gott tänkt mig en ny liten men skarp digital kamera att ha i väskan jämt *dröm*

    Ha en fin 17 mai
    //SEssan

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)