Eg har eit langvarig prosjekt på gang; få huset ryddigere og finne metoder å gjere dette på som gjer at det blir enklere å holde det ryddig både for meg og heile familien. For å få det til så må huset organiseres litt- alle ting må ha SIN plass og det må vere lett å få det på plassen der det høyrer til. Dette tar tid, men ein gong i framtida vil eg kanskje få det sånn som eg vil ha det.
Eg får mange tips om dette, både på internett og i blader. Men korleis holde styr på all infoen eg finner?
Mykje av det eg finn på internett blir plassert i eigne mapper i "Mine Favoritter" (viss eg vil innom sida seinare) eller så lagrer eg sida med tips i ei eiga mappe i "Mine Dokumenter".
Men nokre gonger kjem eg over eit lite tips eg vil bruke some g vil ha lett tilgjengelig, og då er det ikkje vits i å lagre heile sida! Derfor har eg brukt massevis av post-it lapper. Og det blei etterkvart alt for mange av dei...
Derfor tok eg bruk Urban Lily's journal (filofaxliknande bok, egentlig meint for scrappeideer) som eg hadde liggande. I tillegg til sidene laga for scrappeideer, laga eg også eit system med skillearka bakerst og delte inn i temaene;
- Fotografering, tips, fotoredigering
- (Scrapping:) skisser, journaling, pyntetips, sitat, LO-ideer, drodling, teknikker/tips
- Data, passord til div på pc'en, info om dataprogram,
- Hus og heim
- Barn
m.m
For då kunne eg berre ha boka i nærheten når eg las blader eller surfa på internett, og så kunne eg lett notere meg ned små ting som eg ville hugse.
Men så begynte eg å tenke meir på korleis eg ville ha huset mitt. Korleis skulle eg rydde det sånn at det var enklast mulig å holde det ryddig? Og surfa derfor enda litt meir på internett, og det var ikkje plass til alle ideane eg fann i boka mi. Så no har eg tatt i bruk ein perm med skilleark inni:
Her inni skal eg legge eigne ideer om korleis eg vil ha det, bla omøblering og organisering. I tillegg til alle nyttige tips som eg finn rundt omkring.
Den er inndelt rom for rom: Barnerom, Loftstue, soverom, bad, kontor, hobbyrom, gang/entr`, stue, kjøkken, diverse o.l.
Og sånn har eg også tenkt å ha for andre tema som har med organisering å gjere. Eg har allerede fleire permer der eg har samla på sider som eg har dratt ut av blad... som bla Foreldre&Barn og PlussTid (men må innrømme at det er eit par år sidan eg gjorde det prosjektet, og eg har fått mange blad sidan den gong som også må ryddes i.... når eg får tid).
Eg har også ein perm for oppskrifter som eg har dratt ut av blader. Og ein perm for skisser og ideer til scrapping og kort.
I tillegg har eg også funne meg ei dagbok til pc'en min. Tidligare når eg har skreve ned tanker eg har hatt, føler eg at dei ikkje er heilt trygge på pc'en. For eg har jo ikkje passordbeskytta desse, og kven som helst som bruker pc'en kan finne det fram og lese det. Foreløpig er det eg som er mest datakyndig her i huset, men dei små blir større og lærer seg meir og meir- så eg kan ikkje holde den privat forever liksom. Så eg kom over denne her: The Journal, eit program fra Steve Pavlina. Og den passer meg perfekt!
Dette programmet er passordbeskytta, så det er berre eg som kan skrive og lese i den. Og det er enkelt å ta backup av den på ein ekstern hardisk. I dette programmet kan ein skrive dagbok med tags, dvs merkelapper så ein enkelt kan finne fram til ønska tema ein vil sjå tilbake på seinare. Så ein kan søke på både tema eller dato når ein vil lese tilbake på tidligare innlegg i dagboka. Det fins også ein notatbok-del i dette programmet. Så her har eg laga faner så eg enkelt finn fram til det eg vil skrive meir på eller lese om; sitat, passord til data, reisedagbok o.l Og så går det an å lage ulike skjema som ein enkelt kan få inn i dagboka si og fylle ut når ein måtte ønske. Eg har laga meg skjema for mine favoritter, barnas utvikling, barnas favoritter o.l Skjema eg tenker at eg kan fylle ut innimellom som vi kan ha glede av å lese seinare og som eg kanskje kan bruke som tekst til ein LO.
Eg har etterkvart investert i fleire eksterne hardisker. Dette for å frigjere plass på pc'en og for å sikkerhetskopiere viktige dokumenter og dei digitale bildene mine. For nokre år sidan sikkerhetskopierte eg alt eg hadde på pc'en på cd'er med jevne mellomrom Eg hadde eitt sett cd'er i ein safe i huset + eitt sett cd'er tilgjengelig ved pc'en. Etterkvart investerte eg i to eksterne hardisker; den eine hadde eg ved pc'en, mens eg oppbevarte den andre på ein annan stad, i tilfelle brann. Dette blei etterkvart for lite (sidan eg fekk nye digitale kameraer, der bildene tok opp mykje meire plass).
Her er dei to nyaste:
Ein liten, hendig hardisk (har lagt ved ein tusj så ein lettare ser størrelsen) som ikkje treng strøm. Veldig greit! Og så er den lett å ta med seg til der ein har pc'en. Så på denne har eg alle bildene eg har tatt, musikk, div til fotoredigeringsprogrammet mitt og andre ting eg vil ha lett tilgjengelig til pc'en. Denne er på 500 GB. Greit å kunne spare plass på pc'en og heller ha ting eg treng av og til på denne.
Denne er her ein tjukkere utgave av dei to "gamle" hardiskane mine. Dei gamle hardiskane var på 250 GB kvar, mens denne er på 1 TB. På denne tenker eg å ha alt eg har lagra på og vil ha til pc'en, inkl musikk og bilder.
Dei to gamle hardiskene kjem eg til å bruke som backup og oppbevare dei på andre steder, i tilfelle brann. Forsatt brenner eg også bildene mine på DVD'er av og til, og tenker kanskje å la andre i familien passe på desse i tilfelle brann.
Eg kan aldri få nok backup'er liksom :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)