Annakvar fredag er eg heime aleine, mens ungane er på skule og i barnehage. Godt med litt tid for seg sjølv, der ein kan sette igang med større ryddeprosjekter i huset uten å bli avbrutt. For eg har lett for å begynne på ein ting, men eg så blir aldri heilt ferdig... Ting som ikkje blir gjort den dagen blir då ståande til ein anna dag eg kan ta det, og utsatt, og utsatt og... ja...Eg har lett for å begynne på ein ny ting før eg er heilt ferdig med ein anna. Så eg hadde mange planer for i dag, men eg veit jo med meg sjølv at eg kan ikkje presse for mange ting inn på ein dag- for eg rekk ikkje å gjere alt likevel.
Så av alle ting eg bør få gjort, så er dagens prosjekt å få rydda skikkelig på "garderoberommet" vårt. For i klesskapa og i kommodene ligg barnas kle litt hulter i bulter, og ting har hopa seg opp oppå kommodane- og det er spesielt der problemet ligg.
Prosjekt garderoberom har stått på plakaten sia før påske- og no endelig får eg gjort det :) Inni skap og kommoder var det ikkje så gale likevel, jentene har vore flinke til å legge på plass kleda sine (det er deira oppgave; at etter at eg har vaska og lagt sammen kleda deira, så legg dei dei på plass). Så der var det berre litt småplukk å ordne på.
No har eg matpause, mens eg sit her ;)
Og så skal eg ta til på det som ligg oppå kommodane no etter at eg har ete.
Og så har eg tenkt ei stund på garasjesalg. Tidligare i år tenkte eg at det kunne vore kjekt å ha! For eg har såååå masse ting som eg ikkje treng, men som berre tar opp plass (scrappeting, hobbyting, barnekle, voksenkle, filmer, musikk, bøker, pynt, Cacasting m.m). Eg kunne jo gitt det vekk, men samtidig har eg brukt så mykje penger på ein del av det at det kunne vere kjekt å få litt igjen for det.
Så då kom eg på ideen om eit garasjesalg. Og etter å ha snakka med nokre andre damer så viste det seg at det ville dei også vere med på.
Derfor planla vi å holde det no i begynnelsen av juni... Og eg har begynt å tenke meir og meir på at no burde eg finne fram alt eg vil ha vekk (barneklea er i boks, dei har eg rydda gjennom).
Men så viser det seg at det er sommerfest i Førde den dagen vi hadde tenkt å ha det, i tillegg til at det egentlig er mange andre ting no framover. Så etter litt sms'er fram og tilbake i dag så blei vi enige om å ta det til høsten. Det var litt godt egentlig, for då kan eg konsentrere meg om andre prosjekter og så har eg litt bedre tid på meg til å samle i hop alt eg vil kvitte meg med.
Prosjekter no og framover: Få kontroll på huset (det er jo langvarig), 3-4 bursdagsselskap kanskje før skule-sommerferien begynner (dvs om ein måneds tid), Floridatur (tenker å reise dit i slutten av året) og kanskje vi også skal på sommerferie i sommer....
PT-pakker
for 4 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)