søndag 31. mai 2009

Lykken er å dele barnets glede over ein løvetann



Av og til stopper eg opp i kvardagen, for å nyte øyeblikket og legge meg det på minnet. Forrige dagen skulle eg og gutten min (på 3) ned til buss-stoppen for å ta imot søstrene hans som kom med skulebussen. Allerede då vi gjekk ut døra merka eg hans store interesse for løvetennene som no hadde skifta fra å vere gule "bustehuer" til å vere fyllt med små "propeller" (kan eg kalle dei det tru? Meiner iallfall frøa)


På veg ned sprang han fra løvetann til løvetann, og fekk med seg nesten kvar einaste ein. Og gleden hans var stor når han blåste på løvetannen og dei små propellane flaug ut i lufta. Ikkje alle var like enkle å få til å fly, så då hjalp eg han ved å blåse på dei og lærte han at han også kan riste litt på løvetannen for å få frøa til å fly.


Då vi kom ned til buss-stoppen visste han ikkje heilt kor han skulle gjere av seg- for der var det massevis av løvetenner overalt. Han sprang lenger og lenger ifra meg, så eg måtte til slutt rope han tilbake. Og han kom tilbake og kosa seg med løvetennene som var rundt meg, ein etter ein.


Herlig å sjå kor stor glede han hadde av dette- det gjorde eit mammahjerte lykkelig.
Og eit nytt sitat i margen til venstre, eit sitat eg nettopp kom til å tenke på:
Alle disse dagene som kom og gikk, ikkje visste jeg at de var livet...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)