
Eg hadde egentlig ikkje tenkt at vi skulle skaffe oss crocs, men for eit par år sidan så trur eg det var sånn at eldstejenta mi ønska seg crocs i gullfarge til bursdagen. Den gongen var det ikkje så enkelt å få tak i crocs med gullfarge her i Norge, så eg bestillte fra ein nettbutikk i utlandet. Det var jo mykje billigare også! Eg kom også over den søte ballerina-modellen (i midten) og kjøpte den til mellomstejenta i nydelig lyserosa. Begge fekk sine til bursdagen, og eg kjøpte samtidig nokre til meg sjølv også (i burgunder... likte ikkje heilt sjokk-fargene som dei ofte var i den gongen). Så då hadde alle vi tre jentene kvar sine crocs. Etterkvart kjøpte eg crocs til minstemann også; med Byggmester Bob motiv på:

Sidan eg er glad i løve (og navnet hans betyr Løve), så måtte han jo selvfølgelig ha ein løvepynt på- og eit køyretøy (buss). Eg hadde tenkt å kjøpte nokre med Thomas toget på òg, men eg finn dei aldri i rette størrelsen...
Eg bruker mine i barnehagen der eg jobber, og har fyllt opp mine med crocs-pynt. Så ungane der liker å studere diamanter og figurer som eg har på dei. Egentlig synest eg dei er litt for varme å gå med, men men... det er jo kjekt å pynte dei med fine ting ;)
Eg meiner å ha lest på nett, for ikkje så lenge sidan, at det skulle bli slutt på crocs-sko. Men vi får no sjå... eg er begynt å leite litt etter nye crocs til ungane, sidan dei snart veks ut av dei dei har. Eg har ikkje funne dei rette enda. Er jo kjekt å ha sko som ein kan få brukt pynten på... men jentene fekk seg kvart sitt armbånd fra ein butikk ein gong, som ein kan bruke crocs-pynt på. Så vi har jo dei alltids...
hvor kjøpte du de med byggmester bob på?
SvarSlettDei kjøpte eg hos taylorshoes.com :)
SvarSlett