Sitter og ser i ein blogg til nokon som nettopp har vore i Florida *drømme* Gleder meg til eg skal vise jentene dei bilda eg fann der, og gleder meg til vi skal dit!!!
Forrige dagen var turen i boks, med tanke på at flybilletter og cruise var bestillt. No er den enda meir i boks, med hus, hotell og div... og eg skal betale ein depositum-sum + flybillettane i mårra. Er så kjekt å vere ferdig med alt det viktige, og berre kunne glede seg no framover (og samle div info som gjer turen best mulig).
Eg har også lenge tenkt på at eg har hatt lyst på eit macro-objektiv til speilreflekskameraet mitt, og kom fram til at eg ville ha det til vi skulle til Florida. Derfor har eg retten og sletten kjøpt meg eit no. Så kan eg prøve det masse fram til vi skal reise (+ at det blir kjekt å ta bilder av masse blomster og småting i sommer).
Takk til Linnie, som tipsa meg om kva objektiv eg skulle kjøpe! Men no må eg bremse litt i innkjøpa mine og spare til turen (har nemlig bestillt bursdagsgave til eldstejenta også).
Her er link til objektivet; Canon EF-S 60 mm
PT-pakker
for 4 måneder siden
Grattis med nytt objektiv :)
SvarSlett