lørdag 23. mai 2009

Har rydda hobbyrommet mitt

Ting har lett for å fylle seg opp, og spesielt på hobbyrommet mitt. Når eg handler (hobbyting, kle, ting til ungane m.m) så setter eg det på hobbyrommet for å få det ut av vegen. For ein måneds tid sidan tømte eg skrivebordsskuffene mine, og alt det som ikkje hadde sin egen plass blei lagt på ungenes hobbybord... og har blitt liggande. På sofaen har det samla seg diverse, av mine ting og ungenes ting. Det samme på golvet, på skrivebordet og overalt.

I går begynte eg med storopprydding og tok siste finishen i dag. Forsatt nokre småting igjen, men det er sååå deilig å ha litt plass rundt seg igjen! Eg har kjøpt ein del stempel sidan jul, men har ikkje fått stempla dei opp og satt dei på plassen sin i ein perm... dei har berre blitt liggande i ein kurv.
Men i dag fekk eg rydda dei på plass.

Eg satte på rolig musikk, nøt at eg hadde god og ryddig plass rundt meg og stempla i vei. Terapi. Det ga meg ein god følelse.
Det smitta også over på jentene, at mamma satte seg ned med hobbyting. Eldstejenta stempla opp fleire trykk, og så satt alle deii tre små ute og fargela stempeltrykka sine etterpå (mens pappaen jobba ved sidan av- med muren på huset). Koselig.

Kanskje eg får lagt ut nokre bilder ein av dei kommende dagane, fra hobbyrommet mitt.

1 kommentar:

  1. Så heldig du er som har hobbyrom - gjett om jeg gleder meg til mitt er ferdig!!:)
    Jeg scrapper på spisestuebordet jeg..

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)