Då eg fekk eldstejenta kjøpte eg mykje av det eg kom over som det var prinsesser på- og utvalget var ikkje så stort den gongen (for 8-9 år sidan). Etterkvart blei eg litt lei av prinsessene, og om eg kjøpte noko med kjente figurer på så blei det gjerne med Hello Kitty (som det kom meir og meir av), My Little Pony og andre søtinger..
Men forrige dagen var eg på H&M og kom over desse skjønne t skjortene. Eldstejenta er blitt for stor for denne typen t skjorte-motiv, mens mellomstejenta er i rette alder for prinsesser. Derfor, og også fordi vi nettopp har vore i Walt Disney World, kjøpte eg desse til mellomstejenta. Eg syntest dei var så fine :) Nokre siste prinsessekle før ho blir for stor.
Eg har etterkvart fått ein god del Hello Kitty kle i hus også, og kjøper ikkje sånne kle så ofte lenger. Men innimellom dukker det opp klesplagg som man berre MÅ ha :) Denne t skjorta passer perfekt til dongeribukser eller skjørt :)
Eg kom også over eit godt tilbud på Elias-ytterkle, og minstemann fekk seg vinterjakke til neste vinter (eg pleier ofte å handle kle i neste størrelse til mine små, sidan dei ofte har meir enn nok i den størrelsen dei bruker akkurat no).
... og eit par Elias-vintersko :)
PT-pakker
for 4 måneder siden
Angie har og fått seg t-skjorte, den blå med Askepott :) Fine!!
SvarSlett