søndag 22. august 2010

Tid til hobbyer

Eg er ikkje den som scrapper mest, eller lager massevis kort.... Nokre gonger føler eg at eg burde ha gjort dette så mykje meir enn det eg faktisk gjer. Men der er ikkje alltid nok tid.

Men etter å ha tenkt meg om så gjer eg jo faktisk noko hobbyrelatert ganske ofte. Data er jo ein hobby- der eg bla. liker å sjå i blogger for å få inspirasjon og ideer. Eg lager fotobøker. Redigerer bilder. Og blogger...

Innimellom scrapper eg. Ein gong iblandt så lager eg kort. Men eg bruker også tid på å lage pynt som eg kan bruke i scrapping, kortlaging eller til bildene eg har tenkt å lime inn i album.

Den siste månaden har eg laga ein god del kort (til meg å vere), sidan eg har fått bestilling på ein del stykker. I samband med det har eg stempla opp massevis av stempeltrykk- mange fleire enn eg faktisk treng. Men det er kjekt å ha det klart til eg treng det. Eg har også fargelagt ein del stempeltrykk.

Eg har laga stoffblomster. Eg har stansa ut masse diecuts både med cuttlebug og silhouette'n min.
Og så prøver eg iblandt å lære meg å hekle.

.. og eg liker det. Så sjølv om eg ikkje får "scrappet" så mykje som eg tenker at eg vil, så gjer eg jo faktisk mange andre koselige hobbyrelaterte ting også :)

I forrige veke vart eg ferdig med ei fotobok eg har holdt på med lenge (no har eg berre 2-3 påbegynte eg skal gjere ferdig)- det gjorde godt.
I går og i dag har eg laga 3-4 nye kort og lest eit par inspirerande artikler i scrappeblogger (innimellom bla. husarbeid, familietid og gåtur).
Så eg FÅR jo faktisk gjort noko ... innimellom og heile tida... litt etter litt... :)

Dette vart litt tankespinn før det var natta og ei ny veke begynner.

2 kommentarer:

  1. SÅ FLINK du er:)
    Fantastiske ting du lager! Fotobøker er gøy, DET klarer jeg også;) Men jaggu tar det tid! Har vel ca 6 bøker jeg skulle laget, men det var det med tiden ja=/ Men regner med det blir mer "hobbyrelaterte" prosjekter nå som kulden og mørket kommer;)

    Ha en fantastisk uke!
    Klem:)

    SvarSlett
  2. Det var den tiden ja... Jeg har så mange hobbyplaner, så mye jeg har lyst til! Akkurat nå har jeg tre-fire prosjekter på gang, og vet ikke helt hvor jeg skal fortsette...

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)