mandag 27. juli 2009

Rydder i gamle og små kle


Skulle egentlig berre legge vekk kleda som er blitt for små for jentene i dag, og litt kle som andre har lånt av meg. Men så fekk eg høyre at mine nærmeste naboer skulle levere inn ein del kle for å sende det til folk som treng dei i andre land. Det har eg også tenkt lenge på, og posene stod klare med kle som eg ville sende. Der oppi er det ein del kle som eg hadde då eg var liten, kle som eg gjerne har hatt liggande framme då dei passa til ungane, men som heller ikkje dei har brukt... og det er berre å innsjå at dei faktisk kanskje aldri blir brukt. Og då er det mykje bedre at dei som virkelig treng dei, kan få dei istedenfor at eg kaster desse kleda.

Så dagen har til no blitt brukt til å sjå gjennom desse kleda, for dei må vaskes før eg kan sende dei nokon plass. Eg har også ein del poser med kle som eg har kjøpt til ungane, klede som er blitt for små og som eg sikkert ikkje får bruk for meir- og no tar dei berre opp masse plass. Ein del av desse vil eg kanskje prøve å få solgt, sidan dei er fine og godt brukandes kle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)