fredag 10. juli 2009

Sommerdager og teltferie-planer

Forrige veke var ei nydelig veke, med tanke på været. Ungane fekk bade kvar dag og det vart mykje uteliv. Denne veka har vore litt gråere, med meir skiftande vær- men dei har no fått bade eit par dager likevel (dei er ikkje så "temperaturømfintlige" som mammaen sin *hehe*).
Eg jobber vanligvis i redusert stilling med berre to dager i veka, men har jobba fullt denne veka (for å hjelpe litt til no i desse ferietider)- og sjølv om det gir meg mykje å jobbe kvar dag, så ser eg at eg ikkje kan begynne i full stilling igjen heilt med det første. Eller kan og kan.... Eg KAN jo, men då må noko anna vike... nokon eller noko og tid som eg ikkje er klar til å gi slipp på. Mindre tid med dei små, mindre tid til huslige prosjekt og mindre tid til egentid og hobbyer og også andre ting som eg ikkje kjem på i farten....
Eg ønsker å vere mest heime enda ei stund. Og no er det ferie- koselig med god tid til å vere sammen!

Teltferien er forsatt under planlegging. Ovenfor er husteltet vi tenkte å reise med (og som ungane gladelig overnatta i i forrige veke), men i dag var eg stad og kjøpte eit nytt familietelt til oss. Husteltet er heilt greit, men eg kunne tenkt meg at det var "golv" inni og ikkje minst myggnetting! Det kan også bli utfordring for nokre at alle må ligge i samme (trange?) rom. Og då mannen sa at han hadde sett litt på nye telt, så var eg ikkje sein om å støtte den tanken.

Det meste av ting til turen er handla inn og reiseapoteket er oppdatert. No står det igjen å pakke (spent på om vi får plass til alt i bilen!) og ikkje minst finne ut kva veg vi skal reise.... Men alt til sin tid, ingen hast... det er jo ferie og vi har nokre bursdager som må feires først :)

4 kommentarer:

  1. Så kjekt med teltferie! Vi har også hatt et par år med telt. Sikkert noe a la den typen dere har kjøpt nå.

    SvarSlett
  2. Ja du er heldig som har ein mann som godtek at du er mest heime og minst på jobb...;) Du har da godt skal du vite...;P

    SvarSlett
  3. Neet: Det er jo eit valg vi har gjort sammen. Det handler egentlig ikkje om kva han godtek og ikkje. Sidan han sjølv har hatt ei mor som var heimeværande så veit han kor godt det er å ha nokon som er heime når ein reiser og kjem heim att fra skulen. Og sidan han jobber fullt i tillegg til gården og fjøsstellet, så synest eg det er godt å vere heime så eg får gjort husarbeid, vere sammen med ungane og køyrt ungane til og fra div. aktiviteter som dei er med på.

    SvarSlett
  4. Ja eg bare synes du er heldig eg..:)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)