lørdag 25. juli 2009

Ein liten pause i ryddinga

Held på å rydde ut av siste rest av bagene med kle. Fann ut at før eg la på plass kle som vi ikkje hadde brukt og nyvaska kle, så måtte det ryddes litt i skuffer og skap også. Dobbelt opp med arbeid og det tar lenger tid, men får også gjort fleire ting på ein gong og vi får det litt ryddigere.

Og mens eg rydder på plass ting og tang blir lista med andre ting som skal gjerast lengre:
MÅ ha lister, eg.... Mannen min kan ikkje skjønne kva eg skal med alle listene mine, for eg hadde blitt flinkare til å hugse om eg ikkje hadde dei. Og det kan kanskje stemme, men eg får det så mykje bedre med meg sjølv om eg skriver ned alle planer som eg har- istedenfor å prøve å hugse dei. For om eg ikkje skriv dei ned, så kan du vere sikker på at eg gløymer ein ting eller to som kanskje er litt viktig. Og det vil vi jo ikkje.... ;)

Eg har ei ganske lang liste over ting eg vil ha gjort. Den er delt i tre (Ting å gjere i huset, ting å gjere på pc'en og div. anna), og kvar del er delt i tre (noko må gjerast snarast mulig, noko kan vente litt, og noko kan vente enda lenger om eg ikkje rekk det no + meir langsiktige prosjekt.)


På pc'en skulle eg bla. rydda på dei eksterne hardiskane som eg har, laga fotobøker, lært meg meir om photoshop, redigert bilder m.m


I huset er det mange plasser som burde vore rydda litt. Noko eg tenker å få gjort no i ferien er at eg skal rydde i ungenes leiker. Er ikkje så lenge sidan sist eg gjorde det, men eg merker at eg må få rydda vekk enda meir enn det eg har gjort til no. Vi kan ikkje ha alle tinga tilgjengelige heile tida- det skaper berre rot og mas på at det skal bli rydda. Jentene har jo Barbie, My Little Pony, dukker, bamser og mykje meir frå då eg var lita + alt det dei har fått. På soverommet vårt står det to bokser med ponnyer, ein med Barbie, to-tre med dukker, to-tre med bamser, eske med utkledningskle ++ Dette er tatt ut fra rommet deira og inn på vårt for å hindre at alt blir dratt ut over på rommet deira, for spesielt når minstemann er der inne eller når vi har besøk så har det hatt ein tendens til å sjå litt bomba ut. Samtidig som at det er ute av rommet deira så ville eg at det skulle vere tilgjengelig for dei, og at dei kan ta ut ein boks og sette den inn att etterpå. Men no har det begynt å hope seg opp rundt om i huset, for når det kom ein liten gutt i hus så har det også komt ein god del fleire køyretøy av ulike slag... Men kva er vitsen med fulle kasser med biler, når det er den røde traktoren som blir mest brukt?...

No er kaffien drukke opp, og pausen har blitt lengre enn eg hadde tenkt. Snart er det vel middagstid, så eg får henge i og rydde litt til før det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)