torsdag 2. juli 2009

Min fantasifulle, traktorelskande lille gutt

Minstemann elsker traktorer, og favoritten no for tida er ein rød Case (antakeligvis fordi pappaen også har ein rød Case)… Han har mange andre leiketraktorer og biler, men det er nesten berre denne eine, røde, han leiker med. Og med denne leiker han alt det som han ser at pappaen og bestefaren gjer med den store traktoren.

Og alt kan brukes som hengere! Tidligare brukte han nesten alt det han fann på sin veg. Det kunne vere jentenes perler, eller andre småting som han klarte å feste på hengerfestet….
Mens han no har funne seg nokre faste ting som han bruker som ulike typer hengere. Den lille ”bruskassen” er vossakasse og den gule leiken (frå Småfolk garasjen) fungerer som forhøster:



Traktor med vossakasse og forhøster.
Men litt småproblem er der… vossakassen må bittast fast med tråd, noko som medfører at vi får dette spørsmålet ”ørten” ganger for dagen. ”Mamma, du må sette fast våssakassa”… Og som oftest så er det greitt, men det kan tære litt på tålmodigheten innimellom når dette må gjerast minst kvart 5. minutt. Men minstemann er ein bestemt, liten gutt og har ikkje tenkt å gi seg med det første. Og får han det ikkje som han vil, så blir han lei seg og så trist så trist…. "Eg klajase å vente" (= han klarer ikkje å vente). Det er ikkje så kjekt å "berre vente litt"- men det er noko han må lære seg. Og det kan faktisk sjå ut som om han har komt eit steg videre der. Før sa blei han litt sutrete og lei når han ikkje fekk den traktor-hjelpa han trengte med ein gong han krevde det- men no klarer han å vente litt når vi held på med noko vi ikkje kan legge fra oss :)
Forhøsteren er vel den som han plages mest med. Han har ikkje funne ein egnelig måte å feste denne på, så derfor dett den ustanselig av. Men når mamma eller pappa er i nærheten så fikser dei det på eit blunk (som oftest). I går festa eg forhøstaren med ein streng, då heng den bedre fast.


Traktoren med den STORE vossakassen


Må vise fram dei flotte gyllevognene hans også. Desse er det pappaen i huset som har laga. Den første versjonen fungerte fint men slangen/røret blei litt dårlig etterkvart (eit sugerør), så då laga mannen ein ny forbedra utgave med kraftigare hjul og bedre rør (bit av ein ledning).

Traktoren med gyllevogn







Røret på gyllevogna må kobles på og kobles av... her kobles den til (med ein anna ledning)

No har det seg sånn at den røde traktoren har mista eit hjul. Men det stopper ikkje minstemann i å leike med den! For sjølv om den mangler eit hjul på den eine sida, så har han no eit ”tvillinghjul” på andre sida. Pappaen har prøvd å lime hjulet nokre gonger, men det held ikkje så lenge.
Så det spørs om ikkje lillegutt må få seg ein ny, rød traktor som fungerer som den skal...



Andre kreative måter å bruke traktor og henger på :


Prinsessekofferten til storesøster kan brukes som henger.


Det samme kan denne kurven, med saltstenger oppi :)


Og mammas treningsball kan brukes som tunnel!


Då han fekk henger til utetraktoren sin til bursdagen, var det den lille, røde som fekk prøve den først.


Bilen har også fått gyllevogn (ein gammel boks med tenn-briketter) og her blir dukkevogna brukt som henger.

Det var når eg sjølv fekk ein gutt at eg oppdaga at det virkelig er ein stor forskjell på gutter og jenter. Jentene hadde biler, og likte å leike med dei- men favoritten deira var dukker, og bilene blei ikkje meir brukt enn andre leiker. Mens gutten er heilt annleis. Han har vore opptatt av ting med hjul nesten fra første stund. Han leiker med dukkevognene til søstrene, men det er fordi dei har hjul. Og det er ikkje tvil om at han er mest glad i ulike køyretøy. Han KAN leike med dukker også, og leike familie med søstrene. Men då er han pappaen, og spør dukka om ho vil vere med å køyre traktor.. Og så fèr han køyrandre på traktoren, med dukka i armkroken *søtt*

3 kommentarer:

  1. Så herlige bilder. Har forresten noe til deg i bloggen min:)

    SvarSlett
  2. så herlig han e.. lille traktor gutten.

    forresten så digget jeg den lille stolen i bakgrunnen der...hihi

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)