mandag 27. juli 2009

Ferieshopping til liten og stor

Det blei litt ferieshopping på meg då vi var på ferie, mykje til dei små og litt til meg sjølv :) Her er litt av det eg fyllte opp bilen med:

3 nye smykker til meg sjølv. Bruker smykker ganske ofte, så det er kjekt å variere litt :)

Kom over dette smykket m klemmer som var på salg- couldn't resist. Blir nok adventskalendergave til ei av jentene ;)

Var innom ein fin duppeditt & ting og tang- butikk. Her var det masse fint for meg som liker småting. Kjøpte mange sånne fine nøkkelringer- meininga er å bruke dei i godteposane til jentenes bursdager. (Det blir til neste år *hehe*)


På samme butikk fann eg desse klistermerkebøkene. Har kjøpt ein del sånne på ebay- til meg og mine små. Men her kjøpte eg mange fleire- og tanken er å bruke som små gaver til ungenes venner (dei kosta jo berre 15-16 kr). Dei fleste liker jo klistermerker :)


Fann meg nye sko!! Sidan søstra mi jobba på Bianco for ei stund sidan (sjekk gjerne bloggen hennar her: http://neet-on-net.blogspot.com/ ) blei det mange nye sko ein periode, så om desse var heilt nødvendig vites ikkje. Men dei kosta jo berre 100 kr pr par da :) Og då er det vel lov? Mannen min meinte at viss eg kjøpte desse så burde eg kaste eit par eller to av mine gamle favoritter. Har spesielt eit par, burgunder skate (?)-sko som eg er så glad i... og dei har sett sine bedre dager. Men dei er så goooode å gå med (kan vel ha dei til heimebruk iallfall kanskje).
Men uansett- alltid moro med nye sko :)
Søstra mi har forresten lagt ut ein del Bianco-sko for salg i bloggen sin.



Minstemann fekk seg ei Elias t skjorte (som var på tilbud) og ei t skjorte fra VM (med raske båter) i Arendal.

Etter at eg begynte å drikke kaffi (for litt over eit år sidan) så elsker eg sånne store, gode og fine kopper. Eg kunne ikkje motstå desse to. Denne gule pga den oppløftende teksten inni, og den brune fordi den er brun :)



Og desse gryteklutane var no søte dah.... Kasta dei gamle, gode gryteklutane mine for ei stund sidan, og erstatta dei med nokre som var veldig harde og ikkje noko særlig gode. Men no når desse er komt i hus er det nok desse som blir mest brukt, mjuke og gode og fine.

Og så har eg ein "ting" når det gjeld hjort og elg og sånn... Så desse elg-hengarane MÅTTE eg berre ha. Lure på kor eg skal ha dei hen... Mannen tenkte på hytta då han såg dei, men vi må jo ha dei her! Trur eg da... (det med hytta svirrer jo litt i bakhovudet mitt no...)
Meire sko... eit par til minstemann (dei var på tilbud desse også)
Og eit par til mellomstejenta...

Klarte ikkje å motstå denne kjolen som eg kjøpte til mellomstejenta. Ho får ikkje like mange nye kle som storesøster og lillebror, sidan ho må arve ein del . Men innimellom er det kjekt å kjøpe litt nytt til ho også.

Og i Snilsberg familiepark fekk minstemann ein caps med gråtass på- den likte han godt.

3 kommentarer:

  1. Så mange fine ting du har kjøpt! Det settet med alvar var nydeleg! Og kjolen til V var supersøt!! Og takk for at du referer til bloggen min, kjempesnille systa:D Elgane passar jo perfekt på hytta! Eller i gongen heime?:) Og dei koppane var nusselege altså!! Kvar kjøpte du dei då? Den butikken eller kjeda har vel ikkje noko nettbutikk? :P

    SvarSlett
  2. ohh så masse fint du har kjøpt da.
    Fikk seriøst lyst å gå på shopping med alle millionene mine..
    Men siden jeg driver å lager til barnerom så får jeg heller lage meg en kopp kaffe for det fristet likemye nesten..hehe

    Ska sjekke ut søstermoren din sin blogg når eg har bedre tid:)

    SvarSlett
  3. Vad fina älgar....
    Hur har du fått en sån här bakgrund?

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)