tirsdag 26. mai 2009

Bilder fra helga


Ingen kjem så nær sauene våre, som eldstejenta gjer... Her har ho rett nok med seg litt mat til dei. Men denne jenta kan komme veldig nær dyra, i motsetning mange andre i familien.



Her kom sauen og lamma heilt bort til ho og kosa seg med maten.


Gjekk ein liten tur i skogen på søndag, og hadde med meg kamera. Liker å gå på tur med kamera, sjølv om det kanskje tar lengre tid. Jentene var også med, og fekk ha med seg kvart sitt kamera så dei også kunne ta litt bilder (så dei ikkje skulle bli så lei av å vente på at eg stoppa opp heile tida). Ovenfor er litt mose eg tok bilde av.



Vårbilder


Har snakka om å kjøpe klatreklosser ei stund, så då desse stod foran meg på leikebutikken la eg dei i handlekorga med ein gong.. så får vi sjå om dei kjem opp på ein vegg ein gong. (Eg kjøpte dei, og så skal mannen få henge dei opp der han synest dei passer best). Eldstejenta er veldig glad i å klatre, så ho kjem til å bli veldig glad når dei kjem opp.
Ikkje så fint syne... men begynner å bli ganske så vant til desse her etterkvart... flått... Denne tok eg av eldstejenta forrige dagen (den satt fast på magen hennar). På søndag då vi gjekk opp i skogen såg eg også to stykker som gjekk uttapå genseren til mellomste jenta- så eg var rask med å fjerne dei.



Må berre vise denne mobilen som eldstejenta mi har pynta! Dette er mobilen til mannen (egentlig var det min sin, men han fekk min gamle då eg fekk meg ny). Og så kom vi på i helga at man kan jo endre designet på den. Så då satte jenta mi seg ned og laga dette, og så satte mannen den på mobilen. Den blei mykje friskere og gladere med ein gong :)

4 kommentarer:

  1. Så fint mobildeksel! Meir personleg enn dette blir det ikkje ;)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lage mobildekselet så personlig!

    SvarSlett
  3. Skikkelig morsomt med sånn mobildeksel:) Godt tips!!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)