tirsdag 8. juni 2010

Fotballjenter treng fotballsko

Sidan mellomstejenta speler fotball så trong ho leggbeskyttere, dette er visstnok påbudt å bruke på kamper (og kanskje på trening også?). Og dette fekk eg vite dagen før første fotballturnering... litt i seinaste laget til å få kjøpt det, men heldigvis har ho fotballspelande søskenbarn som ho kunne låne dette av.


Ho venta og venta på at eg skulle få kjøpt leggbeskyttere og forhåpentligvis også fotballsko (som ho sjølv meinte var veldig nødvendig). Og gleden var stor då eg såvidt rakk heim før neste trening, med nye fotballsko, leggbeskyttere og fotballsokker.

Leggbeskyttarane var med gullfarge på. Eg hadde egentlig sett for meg at dei skulle sjå litt annleis ut, men pytt... gull er jo stilig... og dei skal jo vere under sokkane.
Ho fekk også kvite sokker med røde striper på. Men det viste seg at desse var litt store, så då blei det til at ho heller brukte dei ho hadde fått låne.

Skoa var kvite og fine, og også desse med litt gullfarge. Og nok ein gong hadde eg sett for meg nokre andre, gjerne svarte sånn at dei ikkje blei så fort skitne og stygge. Men då desse kvite var dei einaste butikken hadde i riktig størrelse, så var det dei eg kjøpte.
No har ho brukt dei på to treninger, ein gong i tørt vær og ein gong i regnvær. Og dei ser forsatt fine ut (sidan vi skyllte dei litt i vatn etter regnværs-treninga). Og sånne sko er jo til for å brukast  og kanskje bli litt skitne :)

Er det noko anna ei nybakt fotballmamma burde vite? Eg tar gjerne imot råd både når det gjeld speling, turneringer og utstyr :)

4 kommentarer:

  1. Ingen tvil om at utstyret er viktig :)
    Synes det ser ut som du har det klart jeg. Her hjemme har vi en 10 år gammel fotballgutt, så dette vet jeg alt om.
    ManU og RBK fan på sin hals (det siste som seg hør og bør for en Sør-Trønder selvsakt). På toppen av det du allerede har ramset opp har Håvard gode drikkeflasker, is-vann på trening er et must, og det er kjekt å bruke noen kr å kjøpe ei på en sortsbutikk for å få ok kvalitet, åsså har vi investert i "fotball-bukse". Du vet, sånn derre bukse som går under knærne, perfekt tilpasset sokker og leggbeskyttere og utrolig kjekke når været er for grått og ruskete til shorts. Er jo mye bedre enn joggebukse må vite, alt i følge 10-åringen her hjemme ;))

    SvarSlett
  2. Takk for mange gode tips :) Vi har ein del drikkeflasker i hus, og eg prøver å hugse å ta med ei når ho er på trening og iallfall på turnering. Så får tiden vise om vi må kjøpe ei med bedre kvalitet.
    Fotballbukse, ja... ikkje dumt. Eg håper fotballinteressen blir værande, og så får vi sjå med tiden om det blir behov for ei sånn.

    SvarSlett
  3. Som mor bør du lære deg å kle deg godt til alle kamper og ikke minst turneringer. Samt smøre deg med en god porsjon tålmodighet på turneringer da disse bruker å ta lang tid.

    Og beregne mange fremtidige helger til fotball. ;-)

    SvarSlett
  4. Takk for tips, Bodil :) Vi har jo vore på ein kamp med både regn, vind og sol- så då kom det godt med at eg hadde med vinterjakke og paraply :)
    Håper været blir litt bedre på søndag når vi skal på neste kamp.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)