søndag 6. juni 2010

Nye barnesko

Eldstejenta trong nye joggesko, og så hadde ho eit stort ønske om sko som likna converse-sko (dei er noko alà "gamle dagers" basketsko, synest eg). Sidan eg sjølv hadde liknande sko då eg var yngre, så hadde det jo vore kjekt å sjå ho i sånne også.

Etter å ha vore innom 3 skobutikker fann vi endelig joggesko som vi likte og som var i passande størrelse. Dei var nok litt dyrare enn eg først hadde tenkt, men samtidig så fekk ho seg no nokre med god kvalitet og som er gode å både springe i og gå på skogsturer med.

Vi såg etter den rette typen "conversesko", men så kom vi over desse sandalane.... Vi blei einige om at viss ho fekk sandaler så fekk ho antakeligvis ikkje "conversesko", iallfall ikkje med det første. Og det var greit.

Mellomstejenta trong egentlig ikkje sko, men mammaen fallt for desse "basketskoa" og klarte ikkje å motstå dei då dottra kom med dei i handa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)