I dag hadde jenta mi (på snart 7) prinsesse-bursdagsselskap. Då fekk alle jentene lage kvar sine bursdagskroner.
Mal til kroner fann eg hos www.firstpalette.com (vi brukte den til høgre)
Eg laga ei krone på forhånd, sånn at eg fekk prøvd det ut før eg satte ungane til å gjere det. Eg hadde kjøpt inn mosegummi i ulike farger. Dette fann eg på ein hobbybutikk.
Etter å ha klippa ut krona brukte eg ei nål for å feste (og knyte) strikken i på kvar side av krona.
Prøvde den på eit barnehovud...
I selskapet teikna eg kronene på mosegummien, og så klippte jentene kronene sine ut sjølve. Eg la fram litt sakser og litt limstifter som dei delte på.
Eg teikna opp litt figurer på mosegummien på forhånd (brukte ein mal til dette).
Då hadde jentene eit lite utvalg å klippe ut i fra når dei skulle begynne å pynte kronene sine.
Og litt mosegummi-diamanter...
Eg hadde tenkt å kjøpe inn litt meir ordentlige diamanter som dei også kunne bruke som pynt. Men det blei paljetter istedenfor.
Paljetter i mange, fine farger :)
Og sånn blei prøve-krona mi.
Mosegummi-pynten limte vi på med limstift. Og så brukte vi gluedots (små limrundinger) på paljettane (nokre syntest at limstiftane fungerte fint til paljettane òg)
Utstyrsliste:
Utstyrsliste:
- Mal til kroner
- Mosegummi i ulike farger
- Sakser
- Lim
- Nål og gummistrikk
- Pynt (td paljetter, diamanter, mosegummi, tegne med tusj)
Det kjem fleire bilder fra selskapet og sjølve kronelaginga seinare.
I morgon skal vi ha enda eit barneselskap- for eldstejenta som snart blir 10. Då skal vi lage masker på denne måten.
For en flott idé! Dette blir ganske sikkert en aktivitet i min lille prinsesses bursdag på sensommeren :)
SvarSlett