Vi har prøvd å lage mønster i både sand og snø, no har vi også prøvd å lage mønster av regnvatn.
Oppi traktorskuffa hadde det samla seg litt vatn, og ved å dyppe ein pinne ned i vatnet så kunne vi male figurer og mønster i traktorskuffa.
Ein pus har blitt til...
Male litt på traktoren også...
3 søte smilefjes
Det er kjekt å male, og sjølv om denne "malinga" går vekk etter ei stund så var det likevel kjekt å prøve. Artig å prøve noko nytt, og artig å lage figurer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)