Idrettsskulen pleier å arrangere sommeravslutning med padling og grilling. Det var litt regn og grått denne dagen, men koselig likevel. Eldstejenta fekk padla litt, og etterpå tok ho og veninnene seg frivillig eit bad i den kalde sjøen.
Mann og sønn var heime (sidan mannen min har ein fjøs å ta seg av), så det var berre eg og jentene som var med på dette. Det var fleire andre som var med på arrangementet, men mange droppa det nok pga været.
Eg tok med karbonader som vi skulle grille, men så oppdaga eg at hamburgerbrøda var blitt gløymt igjen heime! Heldigvis fekk vi låne nokre pølsebrød... dei måtte fungere som hamburgerbrød :)
Mens eldstejenta padla og bada, varma eg og mellomstejenta oss med kakao. Då eldstejenta var ferdig med badinga reiste vi heim. Ho var blitt ganske så kald etter det kalde badet, så ho fekk kakao då vi kom heim att.
Her sit mellomstejenta og venter... den store grillen er rydda vekk, og det fleste andre er reiste heim att. Vi venter berre på at badenymfa vår skal komme opp i fra sjøen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)