Ein layout til niesa mi sitt album. Desse bildene er fra då vi var i bursdagsselskap til ein felles tremenning av minstemann og niesa mi. Vi var midt i by'n, men fann ein grønn flekk ved elva der vi kunne blåse såpebobler.
Layouten er ganske enkel. Mønsterarket var så dekorativt og fint at eg ikkje følte behov for å pynte så mykje på den.
Litt detaljer:
Eg brukte glitterlim for å lage bobler på bildet og litt utanfor. Eg brukte også glitterlim på tittelen.

Rammene laga eg ved å tegne kvite streker rundt bilda, og så satte eg på eit par insekt-brads.

Eg skar ut litt av figurane på arket, sånn at dei kom oppå bilda. Og brukte dymo-tape til teksten.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)