tirsdag 22. juni 2010

Blås-bort-dagen

Det var ganske vindfullt her om dagen. Greit nok at vi bur litt utsatt til og det ikkje er vindstille så ofte. Men denne dagen var vinden ekstra sterk, og den kom ifra ein anna retning enn den pleier. 
Om ikkje trampolina hadde vore skikkelig festa, så hadde den nok havna langt ut i fjorden. Eit par av stengene fekk seg ein skikkelig knekk. Etterkvart tok vi ned nettet, men vinden klarte å bøye stengene enda litt til før den ga seg. Eg var litt redd for at dei skulle knekke då mannen prøvde å rette dei opp att, men det gjekk heldigvis bra- så no er trampolina som før igjen.

Kle, sykkelhjelmer og anna småpjusk som hadde blitt lagt på trappa- låg utover graset.

Utemøbler og anna hadde òg fått merke vinden. Desse hadde berre velta, mens andre stoler som ikkje stod på terassen blei såvidt redda før dei havna på hovudvegen.
Blomsterpotta er heldigvis av plast, så blomstrane tålte at potta blei slengt litt rundtom på terassen.


Vi er vant til litt vind, men ikkje at dei er så kraftige i juni måned...

1 kommentar:

  1. Oi, det var kraftige greier jah... Synes det blåser mye her til tider, men det er jo ikke noe i forhold ;)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)