tirsdag 22. juni 2010

Eg og jentene på (foto-) tur i skogen - Del 1

Mandager pleier å vere fridagen min i veka. Dagen då dei andre i familien er på jobb, skule og i barnehagen- mens eg får gjort ekstra mykje husarbeid eller berre gjort ting eg sjølv har lyst til. Men no er sommerferien begynt, og derfor var jentene heime. Minstemann måtte i barnehagen, sjølv om vi var heime. For her er slåtten i gang for fullt, og minstemann er nesten "obsessed" av traktorkøyring og andre jobbeting og treng seg derfor ei pause fra alt dette ved å vere i barnehagen.

Eg og jentene tok med oss niste og kvar sine fotoapparat, og gjekk tur i skogen. Dukka vår og nokre av Little Pet Shop'ene til jentene fekk òg vere med.





Jentene har kvar sine kamera; eit av mine gamle og eit av mamma sine gamle- begge digitale. Sidan dei er nokre år gamle så er eg ikkje så redd for desse kamerane, og dei får bruke dei fritt. Og så er det mykje billigare å framkalle bilder fra digitale kamera enn engangskamera!!





Mens dei fleste sauer og lam er på fjellet, så har vi ein liten familien igjen på beite her heime. Tre flaskelam (som treng litt ekstra mat i sommer), mammaen deira og ein onkel :)


Lamma er ganske tamme, så det går an å kose med dei :)

Man kan bytte farge på augene til Blythedukker; Angelica Eve har blå, lilla, grønne og oransje auge.


Vi liker nok best dei blå eller lilla...


2 kommentarer:

  1. Det der så ut som en kjempedag! Nydelige stemningsfulle bilder. Gleder meg til prinsessa blir så stor at vi kan dra på fototur :)

    SvarSlett
  2. Kjempefine bilder fra turen deres :)

    Så koselig ut :)

    Klem Linnie =)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)