torsdag 24. september 2009

Ei god natts søvn.... eller?



Eg var trøtt i går. Eg la meg seint kvelden før (klokka tikka mot midnatt) og skulle opp att kl 5.30 sidan eg skulle ha tidligvakt på jobben. Då eg la meg tenkte eg at eg la meg litt for seint, men eg ville kunne klare å få ei passe mengde søvn likevel.

Ut på natt kom mellomstejenta inn (ho liker best å sove i senga vår når det er mykje vind og regn ute), eg fulgte ho på do og etterpå fekk ho sove ved sidan av meg. Litt seinare kom minstemann inn og ville ha hjelp til å finne smokken i senga si. Så då var det ut av senga igjen for å hjelpe han å finne den. Heldigvis la han seg til å sove i senga si etterpå. Men av ein eller anna merkelig grunn så låg han der, mellom pappaen og mellomstejenta- då eg stod opp litt før halv seks om morningen. Ikkje rart at eg hadde sove urolig (eg søve ofte ikkje så godt når det er trangt om plassen).
Derfor var det veldig godt å finne senga i går kveld- det skulle bli godt med ei god natts søvn :)



Eg snakka med ei veninne på msn istad, ho lurte på om eg hadde fått sove godt i natt?

Tenke, tenke (det som skjer om natta er ikkje alltid lett å komme på. for alt skjer mens ein er litt i halvsvime).
Jo, sånn var det:


Minstemann kom inn ca kl. 2.30 og trong hjelp til å finne smokken, så eg stod opp og fann den i senga hans. Då ville han bli m inn att og sove i senga vår. Det hadde ikkje eg tenkt, men greit ... og han sprang i full fart fordi han var så glad) inn på rommet vårt, men så var der ein vegg som stod i veien.....


... kræsj….fall... .skrik.... trøst... kose i senga vår. Stakkars liten som fekk vondt, klart han måtte få sove mellom mammaen og pappaen sin då ;)


Men mellomstejenta våkna av gråten , ho kom inn og eg fulgte ho på do... ho sa at ho hadde sett at det blinka ute (ho liker ikkje lyn og torden heller) men eg sa at det ikkje var lyn og torden no lenger og at ho fekk sove i senga si, og så skulle ho få komme inn att viss det lyna meir. Og det var greitt.
Ho la seg i senga si.
Eg låg og tenkte at eg også hadde høyrt eit par skikkelige tordenskrall litt tidligare… men sidan eg var litt i halvsvime hadde eg nok ikkje heilt skjønt kva det var då.



.... det gjekk eit minutt eller to.... Blink... og.......buullldreeeeee.... (eg klarte ikkje anna enn å smile for meg sjølv då eg såg at det lynte, eg som håpte at det ikkje lyna lenger )... "Berre kom inn att du!!" ropte eg inn til ho, for eg visste at ho heilt sikkert var blitt redd der ho låg. Og ho kom meir enn gjerne inn att for å sove i senga vår.


Så då låg dei der, dei to minste, makka seg litt, men sovna no etter kvart.
Mannen tok til vèt og gjekk ei runde for å dra ut litt ledninger, og la seg deretter på sofaen. Han hadde nok ei urolig natt han også, men sånn er det når man har gård og kyrne kalver. Når han ser at noko er på gang må han innom fjøsen med jevne mellomrom, for å kunne vere der om noko skulle skje under fødselen.
Det kom ein kalv tidlig i natt (før ungane kom inn til oss), og så kom det ein kalv i 6 tida i dag tidlig :) Stor stas for ungane når kyrne dei "eig" får kalv.

Eg sov bedre i natt, enn i går natt. Sikkert fordi det var litt bedre plass i senga sidan vi kun var tre der. Og snart er det helg, då får man kanskje sove ut? (i kveld skal eg på jentekveld)
Dette høyrer med til familielivet.
Når ungane er små, er man forberedt på at det kan vere lite søvn å få om nettene. Men når dei begynner å sove heile nettene så skal det ikkje mykje til før det blir ein vane å få sove godt om natta- og veldig uvant og trøttande når dei små er urolige ei natt eller to :)


3 kommentarer:

  1. Hihi, det hørtes ut som en travel natt. Sånne netter har man jo som mødre innimellom, og søvnen blir ikke så bra som man hadde tenkt. Rart at pappaer ikke sover SÅ dårlig som mødre?? Sånn er det iallefall her i huset:-)
    Ha en topp torsdagskveld!

    SvarSlett
  2. Veldig gjennkjennede. Godt skrevet forøvrig. Takker for at du tok titten inn til meg og at jeg dermed fant deg:)Ønsker deg lykke til med loddtrekningen i julegavekalenderlotteriet i morgen:)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)