onsdag 2. september 2009

Viss noko skulle skje med meg...



Eg har tenkt litt på det i det siste... kva om noko skulle skje med meg... Kva om eg ein dag kom ut for ei ulykke... Eg har tenkt på all informasjonen eg sit på om familien min, ting som berre eg veit eller hugser. Det kan vere familiedagboka eg skriv på dinbaby.com (noko er skreve ut, men ikkje alt) eller alle bildene og digitale familiefilmer som kun eg har kontroll og system på. Det kan vere nettstader eg er registrert på og brukerkontoer eg har. Alle små notater eg gjer meg, alt fra gullkorn som ungane kjem med til kva sjukdommer vi i familien har hatt.

I går såg eg at ein av bloggane som eg linker til skreiv om akkurat dette emnet, så eg måtte innom og lese; Organize right now. Her fekk eg mange tips og påminnelser til kva eg burde notere meg i tilfelle noko skulle skje. Det å ha ein stad der all nødvendig informasjon var, sånn at mannen eller andre i nær familie kunne finne det om det blei nødvendig.

det blir helgas prosjekt. Skrive ned alle viktige små og store ting, og lagre dei på ein minnepinne el.l. som oppbevares på ein plass som kun mine nærmaste veit om.

Sitat til ettertanke:
Du kan ikke velge hvordan du vil dø. Eller når. Du kan bare velge hvordan du vil leve. Nå.
Joan Baez


Våkn opp med et smil og jag etter livet ... Lev det, nyt det, smak det, lukt det, føl det.
Joe Knapp


Man lever aldri så lenge at man ikke har noe ugjort.
Norske ordtak


Lev hver dag som om det skulle vere den siste.

1 kommentar:

  1. uhh... dette var sterkt på morgenkvisten. Tenker på det iblandt med skyvere det vekk for vil liksom ikke tenke på det.

    Men alle skulle tenkt over det og forberedt seg litt ja..

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)