tirsdag 8. september 2009

Koselig å male gips og ting av tre

Minstemann maler pus i ramme (gips)

Jentene fekk plutselig lyst til å male i ettermiddag. Først tenkte eg at dei kunne male med vannmaling på ark, men då dei kom med hobbymalinga tenkte eg... "kvifor ikkje?" Det er lenge sidan sist vi brukte denne typen maling. Så eg fann fram boksane fra kjellaren, der eg oppbevarer umalte gipsfigurer (som eg laga leeenge før ungane var påtenkt) og litt tre-produkt.


Jentene mala kvar si lille settehylle. Eldstejenta pleide å bruke settehylla si til å oppbevare Littlest Pet Shop'ene sine i, før ho fekk hus til dei. Etter den tid har ho ikkje brukt denne hylla. Men no fann vi den (og ei til) fram igjen, og eg trur dei snart kjem til å bli tatt i bruk til alle småtinga deira.

Eldstejenta malte hylla si i gull og rosa. Ho har sett bilder av settehyller i ulike interiørblader som eg har- og har derfor tenkt å dekorere veggen i settehylla med bilder eller dekorativt papir.


Minstemann var den som malte flest ting, her blir apekatten brun.


... og telysholderen blir lyseblå. Vi har ein del sånne telysholdere etterkvart- men dei er det jentene som har laga. Kjekt for minstemann å bruke ein som han har laga òg.


Eg har tenkt tanken på om eg skulle ha malt ei av settehyllene mine òg. Eg har to; den eine oppbevarer eg monterte stempler i, mens denne blei lagt vekk då vi malte datarommet.


Heldigvis fekk eg litt malehjelp fra eldstejenta- vi rakk såvidt å bli ferdig med å male før det var middag. Det heile tok mykje lenger tid enn vi hadde tenkt- men det var veldig koselig :)
Hylla gjekk fra å vere trefarga, til å bli brun/kvit/lyseblå. Egentlig skulle småhyllene vere kvite eller lyse, men så hadde vi så lite igjen av den fargen. Og det blei brukt mykje maling, merka eg! Derfor var det godt at eg brukte ein farge vi hadde mykje av (den lyseblå). Eg har også tenkt å dekorere veggen med dekorativt papir... trur eg, og så har eg nokre små flekker igjen som må males lyseblå :)

Mellomstejenta mala denne flotte og fargerike settehylla! Eg vart imponert over at ho kom på å male den sånn, heilt av seg sjølv!
Jentene hadde plukka seg ut fleire treprodukt og gipsfigurer som dei hadde tenkt å male, men sidan settehyllene tok sånn tid å male så måtte vi spare dei til seinare ein gong.

3 kommentarer:

  1. Så utrolig fine de ble, jeg gleder med til jeg kan sette meg ned sammen med Matheo og småpusle med ting :)

    SvarSlett
  2. Å så flott! Ser skikkeleg koseleg ut, og tippar dette var veldig kjekt for Aina, Vilde og Leander!

    SvarSlett
  3. åh, kan man bruke hobbymaling på disse settekassene altså? jeg har kjøpt en som jeg skal dekorere, men har alltid trodd at jeg må bruke "vanlig" maling, og derfor har det ikke blitt gjort. tror jammen meg at jeg må gå til innkjøp av no hobbymaling jeg også, takk for tips :D

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)