mandag 14. september 2009

Jippi!! Problemet med bloggen er løyst :) Det feires med konkurranse


I går la eg til widgeten der ein kan få opp ei liste over kven som har kommentert oftest. Det var der det begynte å rote seg til, for eg endra litt i innstillinger i "Alternativer for internett" og under Sikkerhetsdelen. Då eg kom tilbake til bloggen min kunne eg ikkje skjønne kvifor den såg så rar ut, og eg trudde det var den nye widgeten sin feil.
Rammene for bloggen var sklidd ut, bakgrunnen var vekke, lagre-knappene var vekke og eg fekk ikkje flytta på elementene på sida mi.
Eg blei sittande til ut på natta, og løysinga var ikkje å finne. Eg søkte i hjelpesider og på google- men ingen svar ....

Derfor måtte eg inn igjen i bloggen i dag- eg liker å finne svar på dei problema som oppstår. Om eg ikkje får svaret, så vil eg iallfall vite kvifor ting har blitt som dei blei.
Men så gjekk det opp for meg; kanskje eg har gjort endringer i sikkerhetsdelen som eg ikkje har tilbakestillt? Og det var løysinga!! *jippi*

Eg gjekk inn i innstillingane mine igjen, og tilbakestillte dei. Og bloggen min såg ut som før!! Det var jammen godt.


I går kveld frykta eg at eg måtte lage meg ein heilt ny blogg. Eg lagra alle skjermbilder fra hovudsida, og alle innlegg som eg har lagt inn. Eg laga meg nye test-blogger, for å sjå om eg fann løysinga. Men det hjalp ikkje...
Og eg oppretta ein ny google-konto, og blogg der.... og det var då det gjekk opp for meg at det var pc'en og ikkje bloggen det var noko gale med. For heller ikkje på den nye kontoen kunne eg finne lagre-knappen, forandre elementa i bloggen og legge inn nye widget'er...



 
Det er så deilig å finne løysinga på det heile.
No kan eg eg endelig gå i gang med dagens gjeremål.
Og sidan eg blei så glad og letta no, så kjem det snart ein liten blogcandy/konkurranse her hos meg. Eg har hatt planer om å lodde ut nokre ting som eg har liggande, men tenkte at eg skulle vente litt... Men det at eg fekk bloggen til å sjå normal ut på pc'en igjen, må feirast. Så følg med....



3 kommentarer:

  1. Godt at du fikk orden på bloggen din igjen:) Så gøy å se at jeg er så flink å kommentere:D Det var i grunnen en morsom teller å ha,kanskje jeg også skulle fått meg en? :)

    SvarSlett
  2. Så deilig at bloggen ble som den var:-) Er noe HERK med pc'er innimellom altså!!!
    Gleder meg til konkurranse:-)

    SvarSlett
  3. Vi er veldig glad i konkurranser! :D

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)