Eg har sendt Plan mitt ansikt, har du? Det kan du gjere her: Hvor mye er en jente verdt?
I bloggen deira kan du lese meir om saken og sjå nokre av kjendisane som deltar i kampanjen: Jentekamp . Ei av dei som er med er Ida Wullf, som har blitt ganske kjent og omtalt i media pga bloggen sin. Ho har vore i Afrika sammen med Plan og har blogga om turen sin.
Eg blei fadder for 3-4 år sidan, og fadderbarnet mitt er like gammel som eldstejenta mi. Ho har også ei søster som er like gammel som mellomstejenta. Eg ba spesielt om å få eit fadderbarn som var like gammel som mi eiga datter, fordi jentene mine då lettare kunne sette seg inn i livet til denne jenta. Når vi får brev fra ho snakker vi gjerne om kva forskjeller og likheter det er på hennar liv og vårt. Eg håper dette gir dei meir kunnskap om verdenen vi lever i. At vi er heldige som har det så godt som vi har det, men også at ein kan ha eit bra liv sjølv om man lever under enklare kår. At man ikkje treng alle verdens ting og tang for å ha eit godt liv. Og ikkje minst at dei "lærer seg" omsorg og omtanke for andre, og at man kan dele på godene sine.
Den viktigaste grunnen til at eg blei fadder var at eg då fekk gi litt av det eg har, til nokon som virkelig treng det. Den gongen eg bestemte meg for å bli fadder, hadde eg sett eit program på tv'en der det bla. blei vist fram korleis fødestovene til kvinnene såg ut- og det gjorde inntrykk. Ein skulle så gjerne ha kunna hjulpe til så mykje meir, for det er så mange som treng det. Men all støtte er viktig, enten den er stor eller lita, og den betyr utrulig mykje for dei som mottar hjelp. All ære til ildsjelene og dei som vier sitt liv for å hjelpe andre!
Har du fadderbarn?
Besøk gjerne Plan Norge og gi eit bidrag du òg.
PT-pakker
for 4 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)