søndag 6. september 2009

Ein søt liten kalv og kvardagen vår

Kvardagen blir meir og meir sånn som den pleier. Vi har kyr og sauer på gården, men om sommaren er dei på "ferie" på fjellet. I går blei kyrne henta heim fra fjellet og flytta ned i beitet, for no er det tid for kalving. Når det er like før at kyrne kalver blir dei satt inn i fjøsen, men årets første kalv kom tidligare enn vi trudde og blei født ute i det fri i dag. På bildet over står ho (kalven) og venter på at mammaen skal komme sånn at dei kan flytte inn i fjøsen.

Ungane er veldig glade i dyra våre, og når kalvane blir født om høsten og lamma blir født på våren så er det ekstra stor stas å vere i fjøsen.

På bildet over: Ein tom fjøs som kjem til å fylles med dyr framover. I sommer har den tomme fjøsen vore ein populær leikeplass for dei små (her har dei bla. usynlige hester), og spesielt kjekt har det vore på regnfulle dager når det har vore veldig vått ute. Kjekt å ha ein stor leikeplass under tak ;)
I bakgrunnen sykler minstemann forbi i full fart.
Det er alltid litt rart når alle dyra blir sendt til fjells tidlig på sommaren, og mannen slepp å vere i fjøsen i 1-2 timer før kveldsmat. Men det er også litt godt at han har fri fra fjøsstellet heile sommaren og vi kan gjere litt andre ting på dette tidspunktet- sammen.

Men no er høsten her igjen. Kvardagen begynner når det er skulestart i midten av august, då må ein begynne å passe klokka litt. Dagane blir enda meir "satt" no når det gradvis kjem fleire dyr i fjøsen og dei skal stellast til faste tider (svigerfar melker og steller dei om morningen og mannen tar det om kvelden). Og når aktivitetane til ungane begynner igjen blir kvardagane akkurat som dei pleier å vere. Back to normal :)


Dei små svaleungane som nettopp har lært seg å fly, koser seg ute i lufta ved å fly frå det eine til det andre. Her er ein liten som tar seg ei pause under låvetaket :)



Ønsker alle mine lesere ei fin septemberveke :)

2 kommentarer:

  1. Så mange flotte bilder!!!
    Og gårdsliv er absolutt noe småtten min ville likt:-) Han er helt opphengt i hester og kuer og griser og hvilke lyder de lager:-)
    Takk for koselig hilsen på bloggen min, la deg til som link jeg:-)
    Ha en strålende søndagskveld!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)