I helga blei eg og minstemann bedt med på bowling. Eg har ikkje bowla noko særlig, og det er første gongen minstemann har vore i ein bowlinghall- så det var kjekt :)
Då traff vi søstra mi og kusina vår, som begge har jenter som er like gamle som minstemann.
Og alle gode ting er tre! Litt artig at vi var tre voksne, og tre barn (på 3 år) og vi fekk tildelt bane nr 3 :)
Ungane fekk vere med å gi fart på kulene som vi voksne sendte avgårde, og det var stor spenning for både små og store om vi traff kjeglene. Eg hadde kjøpt med litt boller og juice til dei små, så dei fekk sitte å kose seg litt innimellom slaga.
Ja det var jo koseleg:D
SvarSlett