lørdag 12. september 2009

Bestemors gamle fotoalbum

Photobucket
Mamma og søskna hennar
Då eg besøkte bestemor så fekk eg lyst til å sjå på gamle bilder. Det endte med at eg tok med meg mange gamle fotoalbum heim. Planen var å scanne dei gamle bildene med mamma, besteforeldre og oldeforeldre på. Grunnen var i utgangspunktet at eg fekk lyst til å ha desse bilda, av dei eldre i slekta- fra dei var små og til dei blei litt eldre. Kanskje kan eg komme til å sjå likheter mellom dei og mine eigne små?

Photobucket
Eg og bestemor satte oss ned med dei eldste bilda, og ho fortalte meg litt om kven som var avbilda. Eg fekk også vite mykje som eg ikkje visste fra før, og noterte for fullt mens bestemor snakka om korleis livet var den gongen. Ein gong skal eg lage ei fotobok med bildene som eg scanner, og legge ved bestemors kommentarer og minner :)

Då eg kom heim og fekk sett nærmare på alle bilda kom eg fram til at eg også måtte scanne bilder med tante, onkel, søskenbarn og andre som eg veit kven er. Dette er dyrebare minner. Og kven veit kven som vil arve dei ein gong? Derfor kan det vere fint å ha sitt eige eksemplar, som eg kan dele med dei som ønsker det. Og i tillegg er det jo veldig greit å kunne ha eit par digitale backup'er av dei.

Photobucket

4 kommentarer:

  1. Jeg har også lenge hatt lyst til å scanne gamle bilder av foreldrene mine og besteforeldre:) Det er så koselig å ha!
    Nå ble jeg minnet på det enda en gang, så kanskje jeg får gjort det snart nå:)

    SvarSlett
  2. Så utroleg flott! Er jammen bra vi har nokon i familien/slekta som kan gjere dette, trur ikkje nokon andre har eller hadde gjort det. Kjempebra!! Flinke systa mi:D

    SvarSlett
  3. så flink du er.. å det er utrolig smart å gjøre det for bilder blir ødelagt å falmer etterhvert + at man bør jo ha "backup" av alt..hehe

    SvarSlett
  4. Har no ei utfordring til deg på sida mi, om du vil ta den;)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)