søndag 31. mai 2009

Lykken er å dele barnets glede over ein løvetann



Av og til stopper eg opp i kvardagen, for å nyte øyeblikket og legge meg det på minnet. Forrige dagen skulle eg og gutten min (på 3) ned til buss-stoppen for å ta imot søstrene hans som kom med skulebussen. Allerede då vi gjekk ut døra merka eg hans store interesse for løvetennene som no hadde skifta fra å vere gule "bustehuer" til å vere fyllt med små "propeller" (kan eg kalle dei det tru? Meiner iallfall frøa)


På veg ned sprang han fra løvetann til løvetann, og fekk med seg nesten kvar einaste ein. Og gleden hans var stor når han blåste på løvetannen og dei små propellane flaug ut i lufta. Ikkje alle var like enkle å få til å fly, så då hjalp eg han ved å blåse på dei og lærte han at han også kan riste litt på løvetannen for å få frøa til å fly.


Då vi kom ned til buss-stoppen visste han ikkje heilt kor han skulle gjere av seg- for der var det massevis av løvetenner overalt. Han sprang lenger og lenger ifra meg, så eg måtte til slutt rope han tilbake. Og han kom tilbake og kosa seg med løvetennene som var rundt meg, ein etter ein.


Herlig å sjå kor stor glede han hadde av dette- det gjorde eit mammahjerte lykkelig.
Og eit nytt sitat i margen til venstre, eit sitat eg nettopp kom til å tenke på:
Alle disse dagene som kom og gikk, ikkje visste jeg at de var livet...

fredag 29. mai 2009

Bryllupskort (Greeting Farm)

Har laga to bryllupskort med det nydelige stempelet fra Greeting Farm:



Inni:

torsdag 28. mai 2009

Planlegger barnebursdager

No nærmer det seg feiring av jentenes bursdager, dei blir 6 og 9 i år (hjelpes meg kor tida går!). I dag er det godteposen eg tenker på. I godteposene pleier eg å ha litt snop, men også litt anna artig smådill for å erstatte litt av snopen. Tidligare har eg bla. hatt oppi winxball (med figur og snop inni), mini-kaleidoskop, ballonger, tatoveringer og såpebobler.
I denne stund held eg på å bestille årets godtepose-dill på ebay...

Tema for eldstejentas bursdag blir hovudsaklig Hannah Montana (og litt HSM). Mellomstejentas tema er ikkje heilt bestemt enda- i hennar selskap kjem vi også kanskje til å be litt gutter så vi må ha noko som kan passe til dei også (eg har ein plan :) ).

Invitasjoner må vi lage i helga eller i neste veke. Eg tar jentene med på planlegging av dette.

Eg held også på å lage meg ein mal for ei bursdags-planleggings-liste. Ein mal som eg kan kopiere opp kvart år, og fylle inn med forberedelser, innkjøp og andre ting som har med bursdagene å gjere.

tirsdag 26. mai 2009

Hannah Montana kinobilletter

Bilde lånt fra filmweb.no


Endelig kom Hannah Montana filmen hit også, så no har eg bestillt kinobilletter til filmen til meg og eldstejenta. Ho går i 3. klasse og det er først dei siste månedane at ho har begynt å interessere seg skikkelig for Hannah Montana- så då passa det fint at det kom ein film om ho no. No helde eldstejenta på å lese boka som filmen er basert på, så får ho kanskje bedre med seg handlinga- for ho klarer meir og meir å følge med på norsk tekst til engelske filmer, men greit å lese den for sikkerhets skyld, så har ho mest mulig utbytte av kinoturen :)
Eg er veldig sjelden på kino, har kun vore eit par gonger etter at eg fekk barn for over 8 år sidan. Så det blir første kinoturen for meg og ho ilag.

Bilder fra helga


Ingen kjem så nær sauene våre, som eldstejenta gjer... Her har ho rett nok med seg litt mat til dei. Men denne jenta kan komme veldig nær dyra, i motsetning mange andre i familien.



Her kom sauen og lamma heilt bort til ho og kosa seg med maten.


Gjekk ein liten tur i skogen på søndag, og hadde med meg kamera. Liker å gå på tur med kamera, sjølv om det kanskje tar lengre tid. Jentene var også med, og fekk ha med seg kvart sitt kamera så dei også kunne ta litt bilder (så dei ikkje skulle bli så lei av å vente på at eg stoppa opp heile tida). Ovenfor er litt mose eg tok bilde av.



Vårbilder


Har snakka om å kjøpe klatreklosser ei stund, så då desse stod foran meg på leikebutikken la eg dei i handlekorga med ein gong.. så får vi sjå om dei kjem opp på ein vegg ein gong. (Eg kjøpte dei, og så skal mannen få henge dei opp der han synest dei passer best). Eldstejenta er veldig glad i å klatre, så ho kjem til å bli veldig glad når dei kjem opp.
Ikkje så fint syne... men begynner å bli ganske så vant til desse her etterkvart... flått... Denne tok eg av eldstejenta forrige dagen (den satt fast på magen hennar). På søndag då vi gjekk opp i skogen såg eg også to stykker som gjekk uttapå genseren til mellomste jenta- så eg var rask med å fjerne dei.



Må berre vise denne mobilen som eldstejenta mi har pynta! Dette er mobilen til mannen (egentlig var det min sin, men han fekk min gamle då eg fekk meg ny). Og så kom vi på i helga at man kan jo endre designet på den. Så då satte jenta mi seg ned og laga dette, og så satte mannen den på mobilen. Den blei mykje friskere og gladere med ein gong :)

Konfirmant-kort

Laga dette i helga:

søndag 24. mai 2009

Det å samle på barna sine tegninger

Eg samler på mange av ungenes tegninger... Då eldstejenta var enebarn satte eg mykje av det ho tegna inn i ein perm. Dei tidene er over kan du sei... det blir ikkje akkurat prioritert lenger. Men om dei har tegna nokre ekstra fine eller søte tegninger, så skriver eg på tegninga kva det er dei har tegna og set dei i ein perm. Men dei har også kvar sin boks (bleieboks) der vi legg tegninger o.l som dei har laga- og den rydder vi ut av når den er full.

Vi samler nok på litt for mange tegninger, ja. Eg pleier å samle dei i ein større boks på loftet etterkvart.

Men så kom eg over denne artikkelen:
How to keep and store children's art

Der det bla står "berre behold det som får deg til å smile"

Så fra no av skal eg vere flinkare til å kaste, sjølv om det kan vere tungt å kaste noko som dei har laga.

Hobbyrommet mitt

Her er nokre bilder fra hobbyrommet mitt, bla. litt måter eg oppbevarer stæsjet mitt på. Eg har nok litt vèl mykje scrappeting, det skal eg innrømme (det kjem jo så mykje fint og nytt heile tida!). Men eg har jo tenkt å få brukt alt... ein gang... når eg får tid :)


Sånn ser det ut bak døra. På døra heng det ei stor mappe med mange lommer i til div småting som eg vil ha lett tilgjengelig. Ved sidan av står det ei cd hylle med bla. blomster og div esker med dill og dall i. I den store hylle ved sidan av er det litt forskjellig. Øverst på toppen står det skoesker; i dei har eg temaene Vinter, jul, Magnolia, 2 med minner og Lim.
I Øverste hylla står det nokre små album, ein boks med div alfabet og permer med stempler i.
I den nest øverste har eg skoesker igjen (som eg har fått fra søstra mi som jobba i skobutikk tidligare)- i dei har eg ting som passer til temaene; jente, gutt, kjærlighet og vennskap, køyretøy m.m
I midterste hylle har eg div til Cuttlebug og QK.
Nest nederst er der 3 Crop in Style-mapper (ei til klistermerker og bling, ei til div alfa og rubons og ei til diecuts).
I nederste hylle står det bleiebokser, der jentene har scrappetinga sine oppi.

Her er hylla med Cuttlebug og Qk ting. Eg har to CB permer til CB dieser, 2 QK permer og 2 Cookie Cutter-permer. I isboksen står det litt store dieser og nyere dieser som eg ikkje har satt på plass enda. Og så Cuttlebugen min til høgre.

Her er øverste delen av hylla. Med permer og skoesker i den store hylla, og div små bokser og blomster i cd-hylla.


Om å gjere å utnytte plassen. Denne hylla må eg flytte når eg skal inn i skapet, og foran hylla står det ein stol. Men eg trengte litt meir oppbevaringsplass (merkelig nok hehe). Øverst har jentene litt meir av scrappetinga sine, og Cuttlekids. Alle metallboksene i midten er fra då eg forelska meg i Maya Road sine ting, og kjøpte mange sånne.




Ved sidan av døra på den andre sida har eg dette: Ein lav hylle med diverse i... Kva som er på toppen kjem eg tilbake til. Til høgre, på sida av hylla heng det to små trådkurver med blomster og bling i.
Til høgre i hylla har eg papirhyller, svarte bokser til babypynt og familiepynt. Kurver til diverse. Og nederst er ein kasse med biler og ein boks med div bilder i.
Til venstre i hylla er det også papirhyller øverst, to bleiebokser i midten (til jentenes leiker) og nederst er det enda to bleiebokser (ja.... eg er veldig glad i desse boksene) der vi oppbevarer A4 kartong (som jentene bruker mest) og div papirpakker.
På golvet har eg eitt bilteppe og eitt teppe med paradis på, som ungane kan leike på.

Eit bilde som er litt nærmare.
Oppå hylla står det blomsterflasker, QK magpiehylle (med QK alfa i)og ein boks fra biltema med alfa-diecuts i.
Oppå biltema-boksen står det enda meir blomster og rød med raindrops i.
I den blå toten har eg diverse journaling-tags.
Oppå Magpie-hylla har eg to bokser med bånd, en boks med metallpynt og to bokser med knapper.

Enda eit nærmere bilde ;)
I papirhyllene oppbevarer eg kartongen min, sortert etter farger. Veeeeldig glad i desse hyllene!
I Ole Brum boksen har eg stæsj bla til temaene Tur og Sommer.


I denne mappa oppbevarer eg store kartongrester.


Kartongen prøver eg å sortere etter farge. Jentene får også låne litt av dette når dei lager LO'er eller trykker ut diecuts.


Dei mindre kartongrestane oppbevarer eg i denne mappa.


Dette er nokre av mappene som eg oppbevarer mønsterark i. Dei to rosa mappene er jentene sine.


Her er enda ei mappe. Nokre mønsterark sorterer eg etter farge, mens andre blir sortert etter produsent eller tema (temaer som jente, gutt, barn, disney, familie, dyr, ferie, køyretøy, vennskap, vintage m.fl.)

3 mapper med temaene; gutt, jente og diverse. Her har eg litt rub ons og anna papirpynt.


Enda ei hylle på andre sida av sofaen (ein sovesofa som brukes som gjesteseng). I dei tre lilla permane oppbevarer eg brads etter farge og tema, eyelets, raindrops og div anna småpynt. Og så synest eg Miffy er veldig søt :)
I hylla under har eg ei båndveske og div esker med bla filtpynt, alfa, lim m.m
Ved sidan av denne hylla ser dere også glimt av IKEA-hylla mi. Tidligare hang eg opp masse små poser med diecuts på den. No heng eg opp div fin pynt som eg vil sjå på (og bruke).

Denne settehylla har eg fra då eg var lita, den blir brukt til å oppbevare monterte stempler i.


Dings til å oppbevare tusjer i. Eg fallt for denne fordi det såg så greit ut at den kunne stå sånn, og ein då ville ha tusjene lett tilgjengelig..
Men det er som oftest sånn den blir liggende.. tar mindre plass då.

Her er toten som eg oppbevarer det eg bruker mest oppi. Love it
På denne sida har eg div penner til ulikt formål og limpenner.
Oppi den har eg div utstyr som eyeletsetter, papirkniv m.m

I den lille skuffa oppbevarer eg cat's eye og fargeprover. Oppafor har eg også nokre nåler hengande.

På denne sida har eg div farga penner, 3D puter og små sakser (ei til papir og ei til stempel).
Inni toten oppbevarer eg ei lita skjærematte, linjaler, tags, stempler o.l

Ja, eg veit eg har mykje... nesten så det er litt flaut. Men eg må jo innrømme at eg liker å handle scrappeting, og det aller meste som eg kjøper kjøper eg fordi eg ser for meg at eg skal bruke det til det og det bildet.
Eg har blitt mykje flinkere til å ikkje handle så mykje, for eg har jo meir enn nok å ta av.
Innimellom får eg også besøk av venner som hjelper meg med å bruke litt- koselig å treffes og scrappe eller lage kort sammen.

lørdag 23. mai 2009

Kaker eg har laga

For nokre år sidan var eg forhandlar for Cacas, og derfor laga eg ein del kaker på den tida. Grunnen til at eg blei forhandler var nok rett og slett fordi eg fallt fullstendig for alle dei flotte kakeformene dei hadde, eg fekk prøve ut ein ny hobby og samtidig prøve ut noko eg hadde hatt lyst til lenge; å tjene penger på ein hobby. Eg var forhandler i eit par år, men ga meg då eg venta tredjemann. Det var kjekt å prøve noko nytt, og eg fekk fyllt opp kjellaren med fine kakeformer, muffinsformer og andre ting som gjorde kakebaksten enklare og morsommere.


Her er nokre av kakene eg laga den gongen:





Prinsessekaker:
Sjokoladekake med rosa marsipanlokk, og pynten er laga med lyserosa smørkrem.


Sjokoladekake med rosa smørkrem på. Denne laga eg då jentene mine feira 2 årsdagen og 5 årsdagen sin. Derfor er det to lys på eine sida og fem på andre sida.


Marsipankaker:
Kake til mammaen min, med mange små roser (tok litt tid å lage, ja)


Kake som eg tok med meg i juleselskap, med julestjerner og røde roser på.

Dåpskake med blå småblomster og kvite prestekrager på



Kake til pappaen min, som er glad i BMW



Barnekaker:

Gråtass



Løve, den gangen då jenta mi hadde Løvenes Konge tema i bursdagen sin



Liten søt pipp



Diverse kaker:

Sjokoladekake med sjokoladefyll, to mindre hjertekaker oppå, og med roser på. Tok den med meg i eit bryllup eg var i.



Gulrotkake med melisdryss oppå.



Ostekake i hjerteform. Laga ein god del av denne typen den gangen.


Nokre kakeformer var små, med ca 6 mindre former i. Eg og jenta mi lagde mange boller i desse formene.



Blei bedt om å lage sjokoladekake til barnehagebasaren, og sånn blei den sjåande ut.



Veninna mi ønskte seg kake til bursdagen, så då laga eg denne "bar-kaka" til ho. Bardisken er sjokoladekake med sjokoladeplater oppå. Flaskene er egentlig lys. Og barkrakkene er marsipan.

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hosForeldremanualen.