onsdag 5. mai 2010

Minstemann scrapper for første gong- steg for steg

Forrige dagen fekk minstemann på 4 år scrappe for første gong.
Først valgte han kva farge han ville ha på kartongen.



Eg fann eit bilde av han som han fekk bruke

Han fekk velge diecuts (papirfigurer) som han ønska å pynte sida (layouten) si med.

Verktøybordet hans var fint å sitte ved. Han tok lim bak på bildet, og fekk plassere det der han ville.

Eg ville at han skulle tegne litt på arket sitt før vi limte på dei fine figurane. Først tegna han ramme rundt bildet (det kom han på heilt sjølv). Etterpå tegna han ein gutt. Eg hjalp han med å komme på kva han måtte tegne på figuren sin (noko han kunne sjå med, noko anna han har i ansiktet m.m)

Etterpå fekk han lime på dei fine figurane (diecuts'ene) han ville ha.
Sjå så fin den blei!



Heilt til slutt fekk han lime på litt klistermerker også.



Så ville han klippe ut av eit leiketøysblad. Så eg sa at han kunne klippe ut dei tinga han likte best og så kunne vi lime dei på baksida av den fine sida hans.

Dette var ein koselig aktivitet, og han har laga eit par fleire layouter sidan då.
Vi har hatt scrappetreff sammen med nokre andre barn, og dei som ikkje hadde så mange bilder med seg fekk klippe ut bilder fra leiketøyskataloger som eg hadde tatt med. Det er noko vi har gjort her heime også av og til. At dei små får klippe ut det dei ønsker seg, så det blir ei slags ønskeliste ut av det til slutt :)

2 kommentarer:

  1. Så flink han er :)
    Ble jo en kjempefin LO :)
    Artig når de lager slike ting selv :D

    Klem Linnie =)

    SvarSlett
  2. Så lurt! Aldri slått meg at 4-åringar kan scrappa :D
    Ein skikkelig gute-LO vart det og.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)