torsdag 6. mai 2010

Kva kan man gjere når man må sitte 2-3 timer i bilkø

Ein dag, for ikkje så veldig lenge sidan, kom det eit skikkelig snøfall på ein fredag etter jobb. Kl 15 var vegane tøya og fine, eg og eldstejenta (som hadde vore med meg på jobb) stakk innom handlesenteret eit par timer før vi køyrte heim, og ante fred og ingen fare.

Då vi kom ut hadde det snødd i store mengder. Like mykje som fredagen før (på akkurat samme tidspunkt)- og begge gongane kom det overraskande på folk. For vèret var jo så fint om morningen...
Eg hadde sommerdekk på, men kom meg fint heim fredagen før og håpte at det skulle gå fint denne gongen òg. Og det gjorde det... for oss iallfall. Men det var mykje meir kaos på vegane denne fredagen.

Då vi hadde køyrt eit stykke, og stått i kø innimellom, kom vi etterkvart fram til staden der vi blei ståande over 2 timer i kø (og det er ikkje vanlig her på vestlandet). Dei einaste bilane som køyrte forbi var uttrykningskøyretøy. Det var ikkje anna å gjere enn å sette seg godt til rette, og vente....

Vi fann etterkvart eit ark som vi kunne spele 3 på rad på...

Og så leika vi ein tegneleik. Først tegna ein av oss hovudet, deretter skulle den andre tegne neste kroppsdel uten å sjå kva den andre hadde tegna først, før vi bytta igjen og forsatte til personen var ferdig. Vi er kanskje ikkje så gode på å tegne, men desto morsommere var det å sjå resultatet :)

Det gjekk fint å stå i kø. Vi tegna litt, snakka litt, skreiv litt i den nye vennineboka til eldstejenta, åt litt niste (les: snop vi hadde kjøpt til helga), spela litt på ipod touch'en og las litt i reklame som vi hadde tatt med oss fra butikkane.

Men vi vart veldig gladedå vi fekk køyre, etter å ha stått i ro i ca 2 1/2 time. Vi var spente på kva uhell som hadde skjedd, men heldigvis var det ikkje så alvorlig som vi frykta. Og eg var veldig glad for at eg nok ein gong kom meg heim uten uhell, på sommerdekk ;)

Og faren er ikkje over enda. Seinast i dag tidlig var bakken dekka av snø, mens no er det fint og grønt ute igjen... Men kanskje kjem våren for fullt om ikkje så alt for lenge?.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)