torsdag 20. mai 2010

Floridaturen vår #1 Forberedelse og pakking

x
Eg har lenge tenkt at eg skulle ha skreve litt meir om Floridaturen vi var på i desember- januar. Men etter turen var det ein del ting som måtte gjerast, og eg vart etterkvart litt lei av å sjå gjennom alle bildene eg hadde, om att og om att. Men no har eg tenkt å begynne litt...

I tida før, under og også etter Floridaturen vår laga minstemann ofte Mikke-figurer på forskjellige ting- ofte mat :)

I mai i fjor fortalte eg at vi hadde bestemt oss for å reise til USA , og vi begynte å planlegge. Vi skulle reise saman med familien min og var då eit reisefølge på 6 vaksne og 4 barn (dei to eldste på 9 og 6 år, og dei to minste på 3 år). Vi høyrte med ulike reisebyrå om kva dei kunne tilby oss, og endte etter kvart opp med eit tilbod frå USAeksperten. Servicen var god, og eg fekk for det meste svar på alt eg måtte lure på.  Gjennom USA eksperten bestillte vi hus i Kissimmee, flyreise Bergen-Orlando og returen Miami-Bergen,  cruise i Karibien og ei hotellovernatting i Miami.

 Bil bestillte vi sjølv, og då hos selskapet holidayautos.no. Vi måtte ha ein bil til 8 personer + ein bil til 5 personer. 

Det var deilig å få alle bestillinger i boks. Etter det brukte eg mykje tid på å lese på nettet og finne ut det eg måtte lure på (og det var ikkje lite).

Eg forberedte etter kvart også ungane på det som venta oss. Noko av det som var mest spennande på turen var jo at vi skulle til Walt Disney World. Derfor las vi mykje Disneybøker og gjorde oss kjent med fleire av Disneyfigurane.  Vi såg også DVD'er og filmklipp fra parker, parader og Disneyfilmer på youtube.
Vi snakka om parkane vi skulle i, og også ting som sikkerhet og kva dei måtte gjere om dei kom vekk fra oss.

Eg fortalte eldstejenta litt om kven Walt Disney var som person og opprinnelsen til Disney-konseptet. Vi brukte internett og såg på bilder frå parkane og andre som hadde besøkt plassane som vi skulle til. Bla. bilder av barn og dei store Disney-figurane, sånn at dei ikkje skulle bli skremt av størrelsen på dei.

Desse prinsessene har jentene spart på i mange år no, og er veldig kjekke å ha med seg når vi reiser på ferie og lengre turer. Fine gaver til jul og bursdag. Og til denne turen passa dei perfekt!

Dei er å få kjøpt i sånne pakninger og er ganske spennande, for oppi pakken er det ein papirpakke med eit slags brusepulver oppi. Denne pakken må legges i vatn... det bruser... og så kjem det fram 2-3 prinsesser :)

Ungane hadde med seg kvar sin sekk med aktiviteret til fly- og biltur. Oppi jentene sine var det bla:
  • Nintendo ds (som dei fekk til bursdagen sin ifjor)
  • Ipod nano (som dei kjøpte for penger dei fekk til jul)
  • Nokre leiker som dei sjølve fekk velge
  • Aktivitetsbøker og fargeblyanter
  • Eit par bøker/blad
  • Litt snop og kjeks
I minstemanns sekk var det bla:
  • Småbilder og småtraktorer
  • Eit par bøker/blad
  • Tegnebok og blyanter
  • Litt snop og kjeks
  • Ein liten mp3 spiller (som han arva fra eine søstra si då ho fekk seg ipod)
  • Og så hadde vi med ein bærbar DVD spiller som han fekk til jul +  litt barnefilmer.
Pakkelistene var klare god tid i forvegen. Pakkeliste til meg, pakkeliste til ungane, kva vi måtte ha med oss på sjølve reisa til Orlando (som varte i nesten eit døgn), oversikt over kva reiseapoteket måtte inneholde, kva mat vi kunne ha med oss. Og det var jo ein del å tenke på sidan vi skulle både vere på cruise og på land, og så er det jo ikkje alt som er lov til å ha med seg i håndbagasjen- så det måtte også tenkes litt gjennom.

Andre ting vi måtte tenke på:
  • Fornye pass
  • Sjekke at vi hadde dei rette forsikringane
  • Ordne med papirer man må ha i orden før USA reiser, og vi sjekka inn på cruiset FØR vi reiste fra Norge.
  • Ha med strøm-omformer (det var også lurt å ha med ein kontakt med fleire hol i- så kunne vi og dei andre lade fleire ting samtidig)
  • Ekstra batterier og minnekort
  • Ha med litt dollar til dei første timane i USA og til bommane vi måtte køyre gjennom for å komme oss til huset vårt.
  • Eg måtte lære meg korleis ipod nano og ipod touch fungerte, for å få best mulig nytte av desse nyinnkjøpte tinga på reisa. Eg fann mykje informasjon om Florida, WDW og cruise som eg lagra på min ipod touch. Og eg la også inn ein del youtube filmer fra WDW på jentene sine ipoder, så dei kunne sjå på dei mens vi var på reise.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)