Eldstejentas nye rom; Senôrita-dukka fekk eldstejenta fra oldemora si ei god stund før ho døydde (for over 6 år sidan), men det er først no vi har funne den fram. Ho har funne fram den gamle UFO-lampa mi med lys i fibrane (?). Og har heste-wallstickers og Winx-wallstickers på hyllesida.
Eit stort barnerom er delt i to i tillegg til eit lite som vi hadde fra før, så no har våre 3 små kvar sine heilt eigne rom.
I dag hadde vi ein større flytteprosess. Eldstejenta og minstemann bytta rom, og jentene fekk nye (heimelaga) pulter med veldig god arbeidsplass (her er det plass til å holde på med fleire prosjekt samtidig eller ha litt ekstra arbeidsbord om det kjem venner på besøk). Vi rydda og satte ein del ting på plass, men vi har forsatt litt igjen.
Mellomstejenta har bla. fått storesøsters måne- og stjerneuro, og har fått nye prinsesse-lerret over senga si. Den lille, brune hylla som står på pulten er det pappaen som har laga.
Minstemann har overtatt eldstejentas rom. Kassen med biler og traktorer har fått sin plass under pulten. Han har fått nokre bamser i hylla si, og i taket heng ei sol som han laga i barnehagen- blandt stjernene som eldstejenta ein gong ville ha i taket sitt.
PT-pakker
for 4 måneder siden
Se her ja! Flotte rom! Vi har også den stjerne-uroen fra IKEA, tror den ene sønnen har hatt den hengende over senga si i 7 år eller noe sånt...Den skal liksom være der...
SvarSlettSå mange koselig detaljer, tipper jentene trives på rommene sine ja!:) Ha en flott søndag! Klem Heidi
SvarSlett