lørdag 8. mai 2010

Gode mini-hamburgere

Mellomsjentas mini- hamburger

Forrige dagen fann eg nokre søte minihamburger-brød på Rema1000- og dei måtte prøves ut. Men mini-hamburgere såg eg ikkje så dei måtte eg lage sjølv. 
Og det er noko eg lenge har tenkt på; å lage karbonader eller kjøttkaker. Eg er så heldig å bu i nærheten av svigermor, og har innimellom fått smake dei gode kjøttkakene hennar.
Derfor har eg lenge tenkt at eg skulle prøve å lage nokre sjølv (har jo ikkje gjort det sidan den gongen eg gjekk på skule), men det har aldri blitt... før no.

Dei blei litt tjukke, men vart ganske gode.
I går fann eg mini-hamburgere på butikken, så eg kjøpte dei for å sjå om dei smaker bedre :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)