Vi reiste mot Bergen ut på ettermiddagen 2. juledag. Julestemningen min hadde forsvunne pga at alle tankane mine hadde vore rundt pakking i det siste. Men då snøen la seg meir og meir på køyreturen vår, og julemusikken høyrtes fra radioen, så kom julestemningen litt tilbake. Det ville bli spennane å sjå korleis USA pynta til jul.
Vi overnatta på hotell i nærheten av flyplassen, og ankom flyplassen kl 05.00 3. juledag. Der møtte vi resten av reisefølget vårt. Sidan vi har vore her nokre gonger før, så visste vi at dei har eit fint leikefly i ventehallen. Mens dei andre kjøpte seg mat før sikkerhetskontrollen, så gjekk vi gjennom sikkerhetskontrollen først. Så kunne vi kjøpe oss litt frukost innanfor, kose oss med den og ungane kunne leike i leikeflyet ei stund.
Først gjekk turen til Frankfurt. Der måtte vi vente nokre timer før vi skulle på den lange flyturen vidare til Orlando. Der slappa vi av, åt litt mat og fekk brukt litt av det vi hadde med oss som tidsfordriv.
Så forsatte vi turen, mot Orlando, i eit større fly. Her var det skjermer i setene, så ungane kunne sjå dei filmane dei ønska.. i tillegg til at det var ein del å velge mellom for dei voksne òg. Filmen "Up" gjekk konstant, om att og om att, etter barnas ønske :) Det gjorde ingenting at den var på engelsk...
Litt rart i grunn, at vi blei plassert sånn som vi blei... Eg skulle sitte på midtrekka, sammen med to av våre små. MEN mellom meg og ungane var det plassert ei anna! Heldigvis var ho villig til å sitte på den andre enden av rekka vår, sånn at eg fekk ha ungane ved sidan av meg. Det samme var situasjonen bak oss- der ei mor var blitt plassert sammen med sine 2-3 små... og pappaen var plassert ein heilt anna plass.
Kjekt å ha litt tidsfordiv når flyturen er lang.
Etter ein lang flytur var vi alle litt slitne, men ved godt mot... for no var vi endelig nesten heilt framme!! Det var ein god følelse. Og sjølv om køa var lang då vi skulle hente leigebilane våre, så blei vi positivt overraska over dei flotte bilane vi fekk (skulle gjerne hatt denne typen heime i Norge også).
Vi hadde litt problem med å finne fram til huset, og spesielt den andre bilen som hadde feil på GPS'en sin. Dei bytta den, og fekk enda ein som det var feil på... men på tredje bytteforsøk så funka den, og vi kom oss etterkvart fram til huset.
Kan hende vi klarte å vekke heile nabolaget, då vi klarte å utløyse husalarmen. Men etter ei god stund med venting, samtaler med vaktselskap og nye koder vi måtte få... så kunne vi endelig komme oss i hus. Glade for å endelig vere framme, og glade for å kunne finne oss ei seng å sove i :)
Så mange fine bilder og tips!
SvarSlettGleder meg til flere bilder:-)
Klem fra størstepia