fredag 21. mai 2010

Vi har fått oss kanin ♥

Eg har lenge tenkt at det hadde vore kjekt med eit lite kjæledyr, i tillegg til katten (og dyra i fjøsen)... og no har vi fått det.... Ein nydelig, liten kanin ♥

Eg og ungane henta den hos ei veninne i går. Der fekk vi også kose med alle søskna den hadde.

Eg hadde trudd at den skulle virke litt redd og utrygg til å begynne med. Men sånn er ikkje denne ialfall-  den er rolig og tillitsfull, og også nysgjerrig og utforskande. 

Eg hadde tenkt at vi skulle vente litt med å introdusere selen, men det tok ikkje mange timane (i går) før jentene ønska å prøve. Så sidan kaninen virka trygg så fekk dei, til sin store glede,  prøve den i dag- og det gjekk veldig fint :)

3 kommentarer:

  1. Søøøte Lilje:)

    Men du, koffor heter bloggen min her hos deg: The sky is my limit" når den heter "Neet on Net"?? Det står jo det siste på andres blogger...;) Eg tror iallfall det..:P

    SvarSlett
  2. For en herlig liten krabat! Vil tro dere vil få det gøy med den ;-)

    Fin blogg du har forresten!

    SvarSlett
  3. Neet: Kan hende eg har lagt den inn med det navnet den gongen du fekk deg blogg?... Men det kan iallfall fikses ;)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)