Viser innlegg med etiketten Bursdag med tema. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bursdag med tema. Vis alle innlegg

fredag 16. mars 2012

6 åringens barneselskap- og diverse bursdagstilbehør til jente og gutt

Då 6 åringen skulle feire bursdagen sin hjalp søstrene til med å lage muffins. Dei brukte muffinsformer med Gråtass-motiv (som eg kjøpte den gongen eg jobba for Cacas) og brukte Cars-pynt på toppen.

Han ønska seg ei kake med rød traktor på, og då måtte han jo få det. Vanligvis lager eg ikkje så mange sånne kaker til barneselskap lenger, for sjølv om ungane liker formen og fargane så blir det ofte berre ete eit par stykker av den. Mykje arbeid for lite... Men sidan dette var guttens første barneselskap så fekk han kaka som han ønska seg (og vi kunne også ha den i familieselskapet dagen etter).
Her kan du sjå innlegget mitt med fleire traktorkaker: Traktorkaker på plate og i form, og her er kategorien Kakene mine.

Godteposer må vi jo ha i barneselskap, og ungane pleier å storkose seg når dei skal fylle godteposane til sin eigen bursdag. Dette var første gongen gutten min hadde barneselskap, og då var det nok ekstra stas.

Desse Mario-figurane kjøpte eg hos Dealextreme.com, og vi brukte dei i godteposane.

Tatoveringer er alltid populært, desse er med motorsykkel-motiv. Kjøpt på ebay for nokre år tilbake.

Godteposens innhold. Det er gjerne litt vanskelig å vite kor mykje man skal ha oppi posane.. blir det for lite... eller for mykje. Alle har nok sine eigne meininger. Dette synest eg er passelig mengde, litt ting og litt snop- og ungane var fornøgde.

Gutten min ønska seg skattejakt (vi har ofte skattejakt eller fisking når det er tid for godteposer). Då laga eg lapper med ledetråder rundt om i huset, og passa på at alle gjestane skulle få finne lappen ein gong kvar. Når dei fann ein ledetråd måtte dei bestemme på forhånd kven som skulle få åpne den neste. I år fekk eg også god hjelp fra storesøstrene. Så den eine fulgte ungane rundt om i huset, passa på at alle fekk åpne ein lapp og las lappane for dei. Mens den andre gøymte skattekista på det rommet der skattejakta begynte :)

Den siste lappen var ekstra spennande, for der hadde eg festa nøklane til kista. Bursdagsbarnet fekk åpne den første og den siste lappen, og for at det ikkje skulle bli krangel så skreiv eg på lappen at bursdagsbarnet skulle få åpne kista. Det var mest rettferdig.

Det var stor stas å finne den spennande kista

Og oppi kista låg alle godteposane (med navn på).

6 åringen min var godt fornøgd med bursdagsselskapet sitt :)

Det blir ein del bursdagsselskap når man har fire barn, og eg bruker ofte engangstallerkner og -glas, og gjerne med barnemotiv på. Derfor kjøpte eg ein del av dette då det var salg hos Helti100.no i høst. Så no har vi litt med hestemotiv på til dei to eldste jentene. Dinosaur, Spiderman og Mario til gutten min. Og litt prinsessegreier til minstejenta.

Jentene har lenge hatt lyst på pinjataer til bursdagane sine. Det var ikkje så mange å velge i, men eg kjøpte kvar sin med "Happy Birthday" på. Så desse tar vi nok i bruk når dei har bursdag i sommer.

Eg kjøpte ein til gutten min også, som vi kan bruke i eit seinare selskap.
Egentlig veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjere det med pinjataene. Då kan dei jo ikkje få godteposer, og så er eg redd for at nokre får mykje snop og andre får lite. Hmmm... Har dere nokre tips eller råd?

Eg kjøpte også desse spiselige sommerfuglane, og ser fram til å pynte kaker eller muffins med dei :)


fredag 3. februar 2012

Karneval-inspirasjon


No nærmer det seg karneval, og er det noko ungane liker så er det å kle seg ut. Barnehagen har karneval kvart år, mens skulen har det av og til- og det gleder jentene stort at det er karneval på skulen i år. Det er nok derfor kistene med utkledningskle har funne veien ned i stova- så her har det vore utkledning i fleire dager allerede. Man må jo prøve litt forskjellig for å finne ut kva man skal bruke på den store dagen :)


Då jentene gjekk i barnehagen var dei ofte alver eller prinsesser, og dei elska å bli sminka og få små stjerner i ansiktet. Broren har vore på tre karneval og har vore tiger, pilot og sjørøver. Så gjenstår det å sjå kva han velger i år (mykje tyder på at det blir sistnevnte i år også).

Dette innlegget er med i Foreldremanualens bloggkonkurranse i februar: Karneval. Så klikk gjerne på "like" under bildet av sjørøvergutten min.


Innlegg eg har skreve tidligare:

LO'er med utkledde barn:



søndag 31. oktober 2010

Kaker til barn og voksne

Eit slott-kake til ei lita prinsesse

Marsipankake med kvit marsipan, til ein trekkspill-spelande 50 åring.

Bløtkake med spiselig Ole Brum-bilde.

Enda ei bløtkake med eit litt anna Ole Brum-bilde.

lørdag 30. oktober 2010

Barnekaker og boller

Det er ikkje så ofte eg lager sånne kaker. Men av og til ,når det er spesielle anledninger, er det kjekt å ta seg litt ekstra tid til å pynte kakene.

Denne laga eg til ein barnedåp ein gong.

Fristende skuleboller

Sjokoladekake-sommerfugl

søndag 27. juni 2010

Barnebursdag på "boblingen"

I dag feira vi niesa mi sin bursdag med familieselskap i bowlinghallen. Minstemann var så herlig då han sa at han ville "boble" :)

Veslejenta som no var heile 4 år hadde på seg ein nydelig kjole

Vi fekk mykje god mat, bla. muffins...

 ... og gelè med seigmenn (minstmanns favoritt)

Først måtte dei små inspisere banene (heiter det "bane" i bowling tru?)

Prinsessa i aksjon

Dei små hadde mykje moro med å spele

Kula var ganske tung, så den måtte oftest dyttes avgårde istedenfor å kaste den. Eg var litt engstelig for dei søte, små 4 års-tærne - men eg hadde ingenting å frykte. Sjølv om dei bar tungt, så hadde dei stort sett kontroll på kulene.

Takk for eit fint familieselskap på "boblingen"

torsdag 17. juni 2010

Bursdagsgodis

Eldstejenta ønska Brownies til bursdagsselskapet sitt. Det var visst berre sånn kake ho og veninne likte :)

... og muffins i Hannah Montana-former (sidan vi hadde igjen nokre fra i fjor).

Mellomstejenta hadde prinsessetema i selskapet sitt.


Til mellomstejentas selskap måtte eg lage sjokoladekake uten egg i, sidan ei av veninnene var allergisk mot egg. Men eg kunne visst ha spart meg å lage denne, sidan den knapt blei eten av :)

Muffinsene var også uten egg, og desse blei det ete litt fleire av. Hipp Hurra for jenta vår som (snart) er 7 år!!

Det var også populært med is i kjeks. Eg fekk ein kommentar på at det var nesten som å vere i butikk, der man kunne velge kva smaker man ville ha på isen. Det likte dei tydeligvis.


Denne isen var ny for meg; melkesjokoladeis. Og den var goooood *nam*

Og godteposer måtte vi jo... og det er eit stadig tilbakevendande spørsmål... kor mykje skal vi ha oppi? Eg kan tenke meg at alle foreldre har sine eigne meininger om dette :)


Dette var innholdet i mellomstejenta sine godtepose; to tatoveringer, prinsessefløyte, fruktkarameller, hestedrops, liten kjærlighet-på-pinne, hjertesjokolade og to diamantringer.

Eldstejenta fordelte dette på godteposane "sine": Hjerte-nøkkelringer, Hannah Montana-blyanter, hestedrops, fruktkarameller, hjertesjokolader og pulver"pinner".

Eg synest det er kjekt å ha oppi litt anna enn berre snop.

onsdag 16. juni 2010

Kroner og masker av mosegummi

På mandag laga vi kroner i barneselskapet til mellomstejenta (sjå i forrige innlegg). 

Mens jentene leika utanfor, fann eg fram det vi trong av utstyr.


Jentene kom inn, og eg forklarte dei litt korleis vi skulle gjere dette.

Dei storkosa seg, og laga dei flottaste kroner...

I går feira vi eldstejentas bursdag, og då fekk jentene lage masker. Eg tegna opp maskene på fargen dei ønska, og så klippa dei den ut. Eg hjalp nokre av dei med å klippe ut augene i maska.


Dette var noko dei likte, og det blei mange flotte masker etterkvart.



Minstemann fekk ein bil på krona si- og det var stor stas. Desse bilane har eg fra ein pakke med figurer som eg kjøpte i ein nettbutikk ein gong.